Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
183
dalen, Liadn og Kvislen heile Ørterdalen til beite.
«Fyren» si stugu står her enno.
Magjerd — kjøtmat.
ISUNGSETGRAVI
Som før er fortalt er det mange graver etter
ribbaldane som fall i slag i Ustedalen. Det er ogso
nokon graver på Isungset i Lio. Her er det ofte
blitt øravi, fordi det går den segni at det skal vera
grave ned ein koparkjel med pengar her. No var
det ei vanleg tru at han som grov etter skatten
måtte ikkje mæle eitt ord kva det so hende, elles
fekk han ikkje skatten. Då ein mann hadde grave
eit bel kom det farande ei heil ferd med ryttarar
framum der, men mannen lets som han inkje såg
dei, sa ikkje eit ord og grov like godt. Då han ende-
leg såg det skein ned på koparkjelen kom det faran-
de ei gamal kjæring i eit trog framum der og so så
ho: «E dæ kome nokon ryttarar framum her?»
Mannen svara inkje og so stauka kjæringi seg av-
garde att med tvo stavar og so sa ho: «E når dei
vel att, & når dei vel att». Dette totte mannen var
so løgje at han ikkje sansa seg, men sa: «Ja, du
når dei sakta att». Og rett som det var, var både
kjæringi, troget og pengekjelen som sokke ned i
jordi og han såg ikkje meir til kjelen heller, alt
han grov, for kjæringi hadde narra han til å svalle.
LENSMANN EIRIK NEROLSHAUGEN
OG GRØVIN
Eirik Nerolshaugen vart lensmann i Hol, fordi
han var so uredd og hadde uvanlege krefter. Han
kunde ikkje anten lesa eller skrive og måtte soleis
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>