- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
185

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

185

haugen stilsleg og smålåten, han var for lenge sidan
frisk att. «Gu dag og takk for sist», sa han med eit
traust handslag til lensmannen — dei hadde ikkje
råkast heile dette året. «Å du har lite å takke for
sist for», svara lensmannen spakt. Han var so glad
for at dragsmålet hadde gått so minneleg av seg.
«Nei, det har e inkje, e har rett mykje å takke for,
for hadde du kje vore den mann du æ, hadde både
ditt og mitt liv gått», sa Grøvin.

Ætti til Eirik Nerolshaugen lever endå på Nerols-
- haugen og Grøv.

KRISTIAN TON

Kristian Ton i Nesgjeld la seg til å sova på heim-
stølvollen, han hadde ikkje for vel somna so kom
det ei gjente han aldri hadde set før og la seg inn
til bringa hans, alt medan ho gret so sårt. Då ho
endeleg fekk ord for seg for gråt tok ho i å
syngja ein salme: «Om Himmeriges Rige så ville vi
tale». Ho song salmen til endes og so gjekk ho sin
veg. Kristian skyna ingen ting med det same, sei-
nare trega han på, han var so stutt-tenkt ikkje
å kaste stål over gjenta. Folk trudde det var eit
kristenmenneskje som var bergteke av haugafolk,
når ho kunde syngja slik ein kristeleg salme. Og
dersom Kristian hadde kasta kniven sin over henne
var ho blitt frelst.

Folk hadde det på det at haugafolket hadde mest
makt over ei øjente frå den dagen ho flutte til
festarmannen sin og til brudlaupet var over, og
det var vanleg meining at dette var ei slik trulova
gjente som var kome ut i ulukka fordi ho ikkje
hadde festarring, for hadde ho havt festarringen
på, hadde ikkje haugafolket havt makt over henne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free