- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
186

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

186

MO-KJEMPONE OG MØKJAL SOLHEIM

Mo-kjempone på Slettemoen i Hol var sterke og
vyrdlause karar. Fin gong för dei upp til Solheim
og vilde dengja upp mannen der, han Sterke-
Møkjal.

Mo-kjempone kom so stums på Møkjal at han
hadde ikkje verje for hand og det såg spøkje ut
for han eit bel, men då karane var som verst i
flengjand ropte kjæringi hans Møkjal: «Akte dik-
ko — han drep dikko!» Då fingo dei slik ein kvekk
at dei slepte taket og Møkjal fekk kjekst til seg
ei verju og jaga dermed Mo-kjempone på dør.

Far åt Mo-kjempone var gamal, som alt sagt,
og låg i langsameleg tid og drogs med helsotti.
Då samtalast karane ein dag ute på tunet og fann
ut at det var sælebot å ta livet av faren, som
var 8o gamal og klen og ikkje fekk døy. Og dei
gjorde ålvor av dette — gjekk inn og slo inn tunn-
vangen på han med ein hamar, so han døydde med
ein gong. Fin yngre bror deira, som var berre ein
9—10 år høyrde og såg på alt dette og sprang med
gråt og tåt ned i fjøset til mor si og fortalde dette.
Men ho piska han med bjørkeris på dei nakne legg-
jene, so blodet rann, so lenge til han lova inkje å
gny eller segja eitt ord um korleis far hans var
komen av dage.

KARI TJØNNDAL

Kari Tjønndal frå Flå var trulova med ein bon-
degut der frå bygdi. Sumaren fyre brudlaupet sat
ho på stølen med buskapen. Ein dag ho var uppe
i åsen etter nökon krøter kom ein framandkar til
henne og vilde øi seg i prat med henne. Han tala
um vér og vind, um laust og fast og til sist fridde
han til henne. Hen heldt so av henne og ho skulde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0190.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free