- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
190

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

190

Gudstenesta med vigselvatn, røykjels og latinsk
messe var over. Folk åt nista si og drakk tett,
attått. Rusdrykken tok til å gjera verknad, folk
kom i bismi, det vart uvenskap og slagsmål. Ut
på natti drap Tjednbaln ein mann frå Ulsåk i
Hemsedal. Vener gjekk imillom, Tjednbaln baud
pengar til bot for dråpet og Ulsåkfolket gjekk med
på tilbodet. No fekk Tjednbaln bruk for pengane
sine. Seinare, ut på morgonkvisten, råka Tjednbal’n
att mannen frå Nørheim og so sa han: «Ja no ser
du korleis dæ har gangji me — dersom e hadde
lånt de” pengadn mine, hadde dæ gangji liv for
liv. Det må ingjin låne burt pengar til jonsok so
sant han har livet sitt kjært».

Bismi — kjekl — krangel, ordskifte.

OG MIKKEL GJEKK I SAKSI

Knut Øygarden hadde tenkt seg ut på revfangst
og laga i stand revesaksi kvelden fyre-åt og heng-
de på ein nabb i skålen eller vedsjulet som var til-
bygd attåt stugu. Knut la seg til å sova i si varme
seng og venta ikkje noko uvanleg denne natti. Men
det uvanlege kjem jamt brått og uventa — ogso
her på Øygarden. Ut på natti vakna kona av eit
yl og skrik utanifrå og vekte mannen som sende
ut for å sjå kva det var som stod på. Det var Mik-
kel rev som ylte og skreik, han var komen fint 1
klemma. Tett ved der revsoksi hang var det eit
hol i veggen. So kom Mikkel luskande og kjende
slik ei nauande god lukt av åta — han stakk var-
samt labben inn for å få tak i noko av kjøtet, og
der small saksi i over labben. So stod Mikkel der
utanfor veggen og labben og denne ulukkes saksi
innafor. Slik stod det til då Knut kom til og med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free