- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
192

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

192

Viking utan vidare, heilt lovlaust, ut or geledet
og ned til Holsfjorden, der store isbrot symde
umkring. «E vil heim te ’n mor», sa han med det
same han sende til. Han tok til å hoppe over frå
det eine isflaket til det andre. «Drep deg inkje,
gut, du skal få gå heim åt ho mor!» ropte kapteinen.

Men Viking trudde dette ikkje var ålvoret åt kap-
-— teinen. «E vil heim te henne mor!» sa han og hoppa

avgarde att frå flak til flak. Og det gjekk godt,
han sprang sikkert som ein katt og kom seg over.

Ein gong hadde eit brudefylgje frå Kvislen køyrt
gjenom isen på Holsfjorden, dei andre var komne
seg upp att og slapp med redsla og det kalde lauget,
men bruri låg 1 vatnet og ingen våga seg utpå til
henne. Då kom Viking. «Du æ for ven te å liggyi
der, du», sa han og so hoppa han ut i isvatnet og
fekk redda henne.

Då fyrste stokken var lagd i brui over elvi ned
for Holsfjorden i vegen som går til Kvislen, var
Viking og lensmannen Eirik Nerolshaugen dei
einaste som var so støe på foten og so sterke i hovu-
det at dei våga seg over. Under stokken var det
berre ville fossen. Lensmannen gjekk fyrst og han
gjekk svert varsamt. Viking gjekk etter, men då
han kom midt på stokken svinga han seg heilt
rundt på ein fot og slo ut med båe armane. Eit
slikt meisterstykkje var det berre Viking Grønlien
som kunde gjera.

KNUT MOEN

Knut Moen i Sudndalen var berre ein 12 års gut
då han skulde fara i vitjing til farsyster si i
Rønnaughaugen i Lio. Men han kom ikkje langt.
Tett sunna grindi ved Halvorsgard kom ein mann
til møtes med honom. Denne mannen, som var so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0196.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free