- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
193

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

193

lik far hans som du skulde ha set han, tok honom
i handi og førde han med seg. Det var ein av hauga-
folket, og Knut var inne i haugen i heile 8 dagar.

Det vart leita både vidt og breidt etter Knut, og
plent vikesdagen etter han vart burte vart Lars
Gudbrandsgard vår han ved nokon store steinar
vest for elvi. Guten var no so folkesky at Lars
måtte ta honom på spranget, og han var redd folk
i lang tid etter på.

Knut vilde ikkje fortelja stort um korleis han
hadde havt det inne i haugen, men det fortalde
han, at han vilde inkje segje namnet sitt, og difor
vart han kasta ut. Kristnanamnet vil haugafolket
plent vita. Då Knut var vaksen var han ein tur
til Vestlandet og her kom han ut for den ufoldi
at han datt ut over eit stup i eit berg ved Systrand
i Sogn og slo seg i hel.

Ufold — uheld, ulukka.

MARI BAKKO

Bakkadn er ein plass ovanfor Hilde i Flå og her
vaks Margit Bakko upp. Um sumrane var ho sæt-
terbudeie. Ein sundagsmorgon kom det tvo fra- -
mandkarar inn i bui til henne, dei tala lite grand
so um vér og vind og so gjekk dei att, og Mari
tenkte ikkje meir etter dette, då med same. Ut
på etternon tok ho ei bok og gjekk ut på sætervol-
len og tenkte seg til å lesa, men ho vart so søvnug
at ho la boki frå seg og sovna. Då ho vakna att
var ho innsvikjen i berget. Ho var i ei stor, gild
stugu. Ved bordenden sat dei tvo karane som hadde
vore inn i sæterbui hjå henne um morgonen, dei
sat og lo til henne. Ved peisen sat ein gamal skjeg-
gut mann med ein smågut på knei, som han hyfsa

13 — Hailingdal og Hallingen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free