- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
195

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

195
JOLESKIKKAR I FLÅ

I Flå hadde dei for vis, i gamal tid, å bera inn
so mykje vatn og ved joleftan at det var nok til
treadag. Jolekvelden gjekk mannen og kona på
garden burt til olda eller brunnen og sette ein
rognekjepp ned i brunnholet. I ei kluft i øvste enden
på kjeppen sette dei ei tyristikke og ein briskekvist.
Dette skulde vera bra for mykje og mangt. Før
ektefolki gjekk frå olda eller brunnen skulde man-
nen skvette dugeleg mykje vatn på kjæringi. Der-
som det var smellkaldt kunde det vera ilt og leidt
nok med slik vatsskvetting, men det skulde vera
so bra for hushygge og lukke, og då lyt ein jo tåle
mangt, endå um det er isande kaldt.

Annan dag jol var det kapping millom tenest-
guten og budeia på garden. Dersom guten kom
fyrst upp og fekk moka og sopt fjøset før øjenta
kom, skulde han ha jolekaka hennar, men dersom
ho var so tidleg uppe at ho vann å få moka og sopt
hestestallen før guten kom seg upp, skuide ho ha
jolekaka hans.

Jolekvelden var ein til bords tvo gongor. Dersom
det vart seint med maten til siste bordsetning vilde
det gå seint med onningi til næste sumar.

I alle heimar brann det ljos heile jolenatti og
maten og ølskåli stod på bordet. Jolekvelden sette
ein mjøl og salt i peisen og so stilte ein stål over.
Um morgonen skulde dette mjølet og saltet etlast
ut på alle krøteri på garden. Hestane og kyrne fekk
ogso av ølet som hadde stått på bordet joleftan.

BERGE HAUGEN

Berge Haugen hadde eit bruk i Åsgardane i Gol.
Berge var uvanleg sterk og når han køyrde tøm-
mer drog han jamt ein stokk sjøl med, etter lasset.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0199.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free