- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
196

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

196

Han truste øksi i tjukkenden og so måtte stokken
bli med anten han vilde eller inkje. Berge Haugen
bar eller drog inn i hus avling og alt som folk elles
laut ha hestehjelp med. Men han var stillferdig og
godmodig som nokon, og han hadde det inkje med
å skryte av at han var sterk. Han tenkte berre at
slik var han og slik var verdi og slik skulde det
vera, tankane og kravi hans gjekk ikkje langt utum
det steingjerde han hadde lagt upp um bruket sitt.
Men han var lukkeleg for det. — Eit lite barn og
ein vaksen mann ét seg mett ved same bord og av
same mat. Barnet ét mindre enn den vaksne man-
nen, men er like mett og like lukkeleg for det. Det
skal heller ikkje like mykje til for alle, for at dei
skal vera lukkelege.

DYRELIV OG FANGST I HALLINGDAL
I GAMAL TID

So langt attende som soga veit å fortelja har
det vore vill-rein og elg i Hallingdal, og slik er det
endå.

I gamle dagar var det vanleg å fange villdyr i
jordkjellarar eller dyregraver. Ein grov djupe kjel-
larar og tekte med kvist og bar, då so dyret kom
luskande datt det ned i’gravi og vart slege i hel
av veidemannen då han kom og såg um dyregravi.
På langåsane ser ein endå spor etter slike dyre-
graver, men no er dei fyllte med stein. På fjellet
kringum Tisleia, millom Gol og Aurdal i Valdres
ser ein mange slike gamle dyregraver, serleg ved
Møne, Jehansdalen og Brend.

I gamal tid skal det ogso ha vore hjort i fjelli
i Hol, dei vart kalla raudyr. Bjørn har allstøtt havt
tilhald i Hallingdalsskogane. I Flå og Nes har han
halde seg mest. Bjørnen vel ut plass for hiet sitt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free