Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
197
i ei sørhall, slik at soli kan tie upp fram for hiet
hans tidlege um våren. Når bjørnen vil til å gå i
hi um hausten brukar han mange snodige råder
for å slette ut fåret sitt.
Kjem det uventa brått snø på han, slik at han
ikkje har fått i stand hiet sitt um hausten, skynar
han at det er fåre på ferde, at han kan vente for-
fylgjarar — jegerar. Kjem han då til ein open
bekk kan han gå halvmili etter bekken før han
vågar seg til å setja får i snøen att. Han traskar
i urer og berg og spring lange slerkjor i ulende
utan å setja foten på snø eller jord. So varsam er
han, at han ligg ei heil vike utanfor hiet for å
finne ut um han er på ein trygg stad. Blir ein
bjørn skamskoten eller skamfaren på onnor vis
søkjer han alltid burt i det verste ulende, so at
ingen skal finne han. I dei fleste høve er det ogso
sers vanskelig å finne att ein skadeskoten bjørn.
Millom yngre hallingdøler er Elling Tørrisdok-
ken i Nesgjeld den hevaste bjørneskyttaren. Av
dei eldre vil eg nemne: Holge Brattestø og Elling
Braband i Nes, i Flå er det Knut Øygarden.
Slerkje — strekning.
GUNHILD EIKRE OG
RAGNE BJØDNBERGSTØLEN
Gunhild Eikre og Ragne Bjødnbergstølen i Hem-
sedal skulde til brudlaups i Vats og för over fjellet
frå Lio. Dei hadde med ambarar med sendingar og
brudlaupsmat. ’Tenestsuten på Bjødnbergstølen
fylgde dei med hest over fjellet. Då dei skulde over
åi Lauvdøla gjekk det godt med å føre konone over,
men då guten skulde gjera den trea venda og føre
ambarane over snubla hesten og guten datt av og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>