- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
200

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

200

tri småsteinar i ein bekk, har dei i ein vott og legg
votten under hovudgjerdi. Um morgonen finn ein
eit hår i votten av plent same farge som håret
ektefellen ein skal få, har.

Det hender at svinte og snedige fingar får stukke
eit grått eller raudt hår inn i votten, og då blir det
tåt og harme og ille låt.

Dersom ein ligg i eit hus ein ikkje har sove i
før, drøymer ein sant, um ein ikkje ymtar eit
einaste ord etter ein har lagt seg. Det kunde skri-
vast ei stor bok um alie slags verk og pine usyn-
lege makter kan føre på ein.

ÅÄtgjerdskallar og åtgjerdskjæringar kan gjera
åt for mangt, mæle for mosott t. d. Ein tek ein
svart tråd, bed den som sjuk er rette armen godt
ut, mæler so frå ytste gomen på langfingern til
den andre og bit so av tråden her. So mæler ein
med same tråd frå kruna til helen, og so på arma-
ne att, til slutt etter ryggen. No reknar ein med
at tråden kryp for kvar gong ein mæler, og so man-
ge tumar tråden kryp i hop, so mange vikor har
den sjuke dregest med mosotti. Hermed bitt åt-
gjerdskjæringi tråden på venstre nakne armen til
den sjuke og her skal han sitja på i 3 døgn. Då
skal sjukingen skjera upp tråden, gjera ein ring
av han og sputte gjenom ringen tri gongor på

varmen og kvar gong segja: «Tvy, tvy, tvy, der

skal du bli!» og so kaste tråden på varmen.
Åtgjerdskjæringi lagar ogso ein medisin, som

den sjuke skal ta ein sup av kvar morgon på fast-

ande hjarta dei dagane ein går med tråden på ar-

men. Og ho «bles ti» dette medisinet — helst i

brennevin, men dersom ikkje denne vara finst i
huset, greier det seg ogso med sukker- eller treak-
vatn. So fører ho «medisinet» 3 gongor til mun-
nen, stikk ned i det med ei nål og mullar kvar gong

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free