- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
201

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

201

kviskande eit trolldomsvers. Er det brennevin på
ei flaske, set ho nåli i korken og denne skal stå der
til brennevinet er drukke upp.

Å «blåse ti» blir ogso nytta mot andre sjuk-
domar enn mosott — t&. d. verkefingar og gikt, men
då skal det annan pjuttring til. Det er fullt upp
av dei som påstår at det hjelper.

Det er tvo slags verkefingar: tussebet og trolle.
ÅÄtgjerdskjæringi finn ut kva slags det er i kvart
einskilt høve med å leggja ein agnmakk på verken,
døyr makken er det tussebet, er han like levandes
er det trolle. Tussebet kan ogso lækjast av ein
smurning av tussebetgras, som ein kleiner på verken.

For verk eller utslett i andletet, som kallast for
«gust» hjelper alvenever — ein slags mose som
veks på gamle rognebærtre. Ein tek alvenever som
soli aldri har skine på, tender på og let røyken
leggja seg over såret. Mot gulsott kokar ein låg
av gul hegg («der yderst sjelden forekommer»
Mehlum). Ein trur at tatrar kan øjera ilt berre
med å stire på ein. Mot langvaruge sjukdomar hen-
tar ein — ein torsdagskveld (kan, um det er naud-
synleg ogso gjerast um dagen) — jord frå den
siste gravi som er tilkasta på kyrkjegarden, og
blandar denne jordi i drykk til den sjuke.

Some får nokon til å hente messeserken og mes-
sehukuln frå kyrkja, dette må hentast i sakrestiet
på nattars tid, den sjuke skal ha på seg desse klædi,
og dei må bringast attende i sakrestiet fyre morgo-
nen gryr.

Det er ikkje mange som er so dristuge at dei
torer hente messeklædi, endå det er ei ålmen mei-
ning at ein ikkje kjem ut for skrymt når ein går
i eit slikt erend. Skrymt møter ein helst når ein
går til kyrkja nattars tider «på uppsett» d. v. s.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free