- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
214

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

214

Ein gong var han til uvens med Ivar Nos. Dei
kom i flengjand og Vesle-Skottebøln slo tidt og
hardt, so det kjendest etter nevane hans. Ivar var
veikare i nevane, og difor tok han til kniven. Han
gav Vesle-Skottebøln sju knivstyngjer i dette
basketaket.

Såri var so ålvorlege at Vesle-Skottebøl’n, som
just ikkje vørde sår eller pinsle overvettes mykje,
laut til sengs, og det for fleire vikor. Då han var
komen seg att la han sak upp mot Ivar Nos for

dette. Felles venir la seg imillom og freista mekle”

forlik millom dei. Vesle-Skottebøln var lenge svert
kravstor — han kravde all jordveg som høyrde Nos
til ned-under Berget lagd til Skottebøl. Til slutt
gav han noko etter og nøgde seg med noko mindre,
men han fekk største luten av Nos-jordi som låg
nedanfor Berget, og denne jordi ligg til Skottebøl
den dag i dag.

Flengjand: slagsmål.

NOS’N

Ivar Nos eller Nos’n var ei elke ’og overlag vill
og umsynslaus når han vart full. Ein gong var
det eit drykkjelag på Sundbrei. Umframt Nos’n og
mange andre var ogso Skottebøl-kjempone her —
ein av dei kallast for Strånden, for han var gift
til Strånd. Då Nos’n kom til laget var han duge-
leg snudden og skriput og vill og tok til å egle seg
inn på den eine og so den andre. Han var burt ved
bordet og yppa seg mot Skottebøl-kjempone og,
men dei lets som ingen ting. «Kor si lyst, sa mann”
åt med” dei are slost», sa Vesle-Skottebøln og so
held dei fram med drikking:i.

Det brann på peisen der i stugun og Nos’n svinga

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free