Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
215
seg burt-etter golvet, greip eit tvo år gamalt barn
som gjekk vasa der og hengde upp i skjerdingen
etter klæi, so pass høgt at det ikkje tok eld i klæi og
so la han meir på eldsmælet og ropte ut og svor
høgt og dyrt, at dersom det var nokon som vilde
våge seg til å ta att barnet skulde han vera død-
sens før han visste av det.
Han dreiv att og fram på golvet og maka seg,
avlaga seg og gleinte hit og dit um nokon våga seg
fram. Då gjekk Vesle-Skottebøln fram og sa, det
fekk gå som det vilde, barnet skulde bergast. Han
tok barnet ned av skjerdingen og la det i sengi.
Nos’n svinga seg fleire gonger rundt Vesle-Skotte-
bøln og gleinte stygt på ”n, men det vart ikkje noko
slagsmål denne kvelden.
Ein gong for Nos’n eins erend ned til Modum
for å prøve krefter med ein vidgjeten kjempekar
der — heitte Gunnar. Gunnar var viljug til å prøve
den langfarande hallingdølen og flengjande tok til.
Nos’n fekk sliti beltet av Gunnar og reiv lågbroki
av han, fekk han på fire-føtane og klora honom
med dei lange neglane sine.
Kona hans Gunnar, som såg på basketaket sa,
det var ikkje å undrast på at Gunnar tapte, for
henda og føtar på Nos’n gjekk som kattelabbar.
Ein gong var Nos’n på ei ferd til Kongsberg. Då
han sat og åt i bondeherberget her kom det inn
ein sogning, som tok til å maka seg og bruke seg
so gruseleg. Det stod frit for kven som helst å
koma å prøve kreftene sine, for han var reist over
fjellet for å finne sin like-mann, — norafjells fanst
han inkje!
Nos’n sat ova bordet — ved veggen, og hadde
mattugge i munnen, men då han høyrde slik tale,
hadde han ikkje tid til å tyggje og svelgje — han
sende seg tvert over bordet og fram på golvet og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>