- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
219

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

219
KVINNEGARD I AL

Millom grendi Kvinnegardslii og utmarki til Nos
renn åi Kvinna. Kvinnegardslii har vore eit støls-
lag for Nosingane og Ner-ålingane i gamal tid,
segjer segni. Den eldste garden i grendi skal vera
Kvinnegard, det er elles tvo gardar som heiter
Kvinnegard og tvo har det vore so lenge nokon veit
å nemne — ein gong tri. Det vissaste er vel at det
upphaveleg har vore ein gard som mannen sea har
delt millom tvo søner. Slekti som no sit på gardane
har vore her i lang tid. Gamle dokument på Søre
Kvinnegard syner at same ætti har siti her i nær
200 år, men truleg har ætti endå djupare røter
her enn dokumenti syner. Mennane her har jamt
heitt Ivar og Lars. På Nordre Kvinnegard har
ætti som no er, siti like so lenge, og odelsbøndane
her har heitt Halvor og Ola. |

JOLEGJESTINE I KVAMEN

I Kvamen i Hol regjerte dei underjordiske gru-
seleg, år etter år. Anten det no var haugafolk,
tuftebøndar eller troll, visste ein ikkje for visst, men
grovt var det til ståk og styr på dei, so det var
mest rådlaust for kristna folk å bu på garden.
Fyrejolsvinteren hadde det vore slikt spetakel og
ståk og spel i kvar krok og krå i stugu, både natt
og dag, at Kvam-folki var vortne dødsens trøytte
og vetskremde alle i hop, og dei visste seg ingen
annan råd, dei buførde ut med alt sitt, joleftan.
Ein vaksen gut våga seg til å vera att ei stund —
vilde sjå korleis det bar i veg på Kvamen. Husens
folk var ikkje meir enn utum døri komne før stugu
var full av framandfolk, det var dei underjordiske.
Guten hadde krope inn under sengi so ingen skulde
ha lett for å sjå han, og han hadde ei ladd børse

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free