- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
221

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

221

hestane på Nørheim var støtt so feite og fine at det
var ei frygd å sjå, og so blanke og strokne var dei
at ein mest kunde spegle seg i dei. For tuftekallen
strigla og strauk hestane so snart det var tvo hår
som ikkje låg som dei skulde. Dersom hestane kom
sveittkøyrde på stallen var tuftebonden fælt gret-
ten og heldt eit styr der nede so ein kunde mest
tru han vilde rive ned heile stallen. Men når han
so hadde fått hestane blanke og fine att, var han
i godlag atter og tusla godsleg og stilt ikring i
stall og høyløa.

Ein gong det kom ny tenestgut til Nørheim, sa
han som flutte, dette: «Ja hestadn gji du ikkje
noko her på Nørheim, dæ syte tuften for dæ». Men
den nye tenestsuten tok dette upp for spøk han,
og tok til å rive høy ute i løa. Men det var uråd
å få laust eitt strå der, so fast sat det. Han klauv
då upp på høystaen og vilde velte föret ned der-
frå, men då var det nokon som tok fat i eine foten
hans, og so vart han hivd hovudstups ned i løe-
golvet.

Då han sansa seg, hinka han ergeleg ut og vilde
finne noko å rive høy med, men då han kom i stal-
len var krubbone fulle av høy og hestane ruska
og åt so dei ikkje hadde tid til å sende han godt
som eit augnekast. Tuften gjekk kringum og gneid
seg i hendane, so velnøgd var han med at han had-
de slege ut den nye tenestguten. Guten skyna no
at det var som han var fyresagd, og han brydde
seg aldri meir med å gi hestane noko. Dei fekk
maten hjå tuftebonden og treivst framifrå.

ERENDSVEINEN VAR SEG SJØL NÆRAST

Då hr. Tollef — Tollef Steensen var sokneprest i
Äl — for umlag 300 år sea, var det ein ungkar på

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free