- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
234

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

234

Det gjaldt å vera um seg ved delingi. Grimsgard
i Nes fekk ogso gjølele mykje skog. Men Kristian
Rosing på Myre fekk berre ein liten rem, fordi han
ikkje heldt seg fram. Dette hende umlag år 1600
— eller kan hende noko seinare.

Sea gjekk det til atters, og Garnos-bøndane eig
no ikkje eit tre utanfor innmarki si. Per Garnos
var verson til Hauge sin gode ven Guttorm Hovtun,
som var stor skogeigar. Per åtte ogso store skogar
og 7 gardar — 83 på Garnos, 3 på Nes og garden
Beken med mykje skog til på nordre sia av Hal-
lingdalselvi beint over for Nes. Men det gjekk ut
med han, og i Garnosdokken vart det halde auk-
sjon over dei tri Garnosgardane. Ein sonen hans
Per — Levor Garnos — fekk ein mann frå Sato
i Älsgjeld til å gå god for seg, gjekk ned på auksjo-
nen og baud, og fekk tilslaget på dei tri Garnos-
gardar med all skogen for 900 dalar. Det var over
lag sver skog, og det vart hogt berre 11 og 12
toms tømmer. Eit år fekk Levor god betaling for
tømmeret hjå den fyrste tømmerhandlaren som
kjøpte i Hallingdal — Mads Strand frå Krødsherad.
Strand sa at Per kunde hogge tømmer ogso koman-
de år — han skulde få det godt betalt. Levor leig-
de fram hogst og framdriving av 150 tylvter grovt
tømmer, men denne våren kom ikkje Strand og
tømmeret vart liggjande i ei velte ved Dokken.
Landhandlar Rømcke kjøpte so tømret. Det var
fyrste tømmerhandelen hans. Sea kjøpte han Gar-
nosskogane for 1300 dalar.

EIRIK FOSSHAUGEN

Eirik Fosshaugen i Kvislen sat ute etter reven
ei natt. Då kom det luskande ein sver hund, som
han tok for ein rev då i myrkingi og skaut. Trast

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0238.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free