- Project Runeberg -  Matstell paa Landsbygdi /
29

(1907) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

29 -

nytte deim baade serskilt og i supeinat og saman
med kjøt; kjøkenhagen maa hava rom aat deim
fyrst og fremst. Follrike er dei med, og lette aa
faa til. Gule erter fær ein elles kaupt noko-so-nær
billegt; det er mat som der er drygsle i. Og dei
er brukande til mangt anna enn supemat. Sers
god er t. d. ei stappe („puré") av gule erter med
lite bruna lauk eller bruna llesketerningar og
jordeple. Ein lagar ho som vanleg stappe (sjaa
„heimestell" s. 110), med lite kjøtkraft og —■ um
llesk vantar — supefeitt attaat. Ertestappe lii
skinke og kjøt maa ein laga med ikkje mykje
feitt; meir toler ho, naar ein tek ho til serskild
rett med jordeple og flatbraud attaat. Litegrand
pepar og salt treng ho.

Hev ein supe av erter (gule og grøne) eller
baunur (kvite eller brune), laga med eit grand
kjøtkraft, (eller kokt vatn), so treng ein ikkje kjøt,
helst um ein hev noko alde (frukt) eller lette
pannekakur til ettermat.

Til grønertersupe greider fiskeskraft seg godt.1)
Like eins til kvite baunur. Det gjeld for fisk som
for kjøt: med grønt til vert han betre og tenlegare.
Um fisk med grønt gjev dei fleste kokebøkane
altfor lite rettleiding.

Havfisk gjev god mat, naar han vert rett stelt.
Men for arbeidsfolk treng han tillegg. Stuva næpe
eller bruna kaalrot er t. d. framifraa til all steikt
fisk. Kokekralti av fisk maa ein aldri slaa ut
(som dei enno skal gjera i sume fiskebygdir); ein
brukar ho til supemat, med mykje erter, grønt,
gryn, eller med mjøljamningar.

’) Uppskrift: Legg grone erter i vatn um kvelden. Koka deim
mayre i fiskekraft. Ei liti smorjamning; uppskorne gulrotar,
hakka persille er og godt.

Fiskekraft kann ein i det heile nytte mest som kjøtkraft til
alle slag supemat.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:32:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/matstell/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free