- Project Runeberg -  Matstell paa Landsbygdi /
32

(1907) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 32 —

naar ein hev nok sukker. I det heile gjeld det
aa faa vaare eigne line og feite havregryn og
byggryn inn i matstelle att. Risgryn, som me
kauper av dyre domo er ikkje naame nær so rike
paa næring, um dei elles er gode aa hava til
matbyte.

Sjølve rabarberblomen er nyttande til mat,
naar han endaa stend med hinna ikring seg; ei
serskilt lin og frisk og godsmakande stuving kann
ein av den laga. Ein kokar han i salt vatn (15—20
minuttar) og stuver han som blomkaal. Aa lata
rabarberblomen stande unytta er likso klokt som
aa lata t. d. blomkaalhovud rotne burt for seg.

Hjupur (kjupur, nyper) og rognbér skulde ein
ikkje heller lata forkomast. Ein kann sylte
rognbér, helst naar dei hev fengi ein snev av frost,
paa van leg maate med den halve vegti sukker (og
gjerne eit par sitronskivur uppi). Ein kann og
blande deim ined pære. Mange held deim betre
enn jamvel tytebær.

Hjupur er brukande paa mange vis, til graut,
sylling, saft. Mest lettvint nyttar ein deim lii saft;
og den safti er framifraa lii supand. Ein jamnar
ho med søt rjome og kveitemjøl, og ét ho med
skondrokkar eller kavringar. Uppskriftir paa
bjupemat linst i dei lleste kokebøkane no.

Moltur er ein rikdom som faae land hev noko
jamgodt med. Skal ein likne deim med noko,
fekk det vera med vindruva. Men ikkje moltune
heller vert skikkeleg utnytta, for skuld sukkernaudi.
Det er reint ut ei velferdssak — og ei helsesak
med — aa faa sukkertollen burt.

Til bot for mjølki og det gode malt-øle som
fyrr var i bruk (og enno sinne stadir), hev me mest
inkje anna fengi enn kaffien. Sjokolade, kakao
o. dl. vert briika so lite at det knapt er reknande

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:32:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/matstell/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free