- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
12

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

gardsnamn og bygdenamn undangjord ogso i jordebøkene,
kann ein segja. Ein kann dertil merka seg, at i den andre
helvti av det 16. hundradaaret tok landsstyringi i det heile
til aa faa eit traustare skriftlegt underlag enn fyrr. Dei
fekk meir enn fyrr baade med jordebøker og
skattemanntal og rekneskapar. Det hjelpte til so fordanskingi vart
stødugt innarbeidd alt paa den tidi.

I det 16. hundradaaret hev me den store
umdøyping i av bygdene og gardane vaare. Staten stod fyre
henne.

Her kjem nokre prøvor med namnelistor or ymse
jordebøker fraa ikring 1500 og utetter.

1. Or jordebok for Munkelivs kloster ca.
1480—90. [1] Paa norsk. Jfr. den same prøva or
Munkelivs-jordeboki ca. 1175.
Aff Steinauaghe Aff Tiouanese Aff Swinasætre
Aff Heir(!) Aff Dumbasteine Aff Tistame
Aff Straume Aff Glodaføyke Aff Eidi
Aff Rikisheimj [2] Aff Diupuik Aff Bioruik
Aff Ose Aff Suaruastodum Aff Miclabolstadh
Aff Vpsolum Aff Ongulsuik Aff Berhem(!)


2. Or Olav Engelbrektssons jordebok. [3]
1530-aari. I minsto i hovudluten av boki er namni mest
paa norsk. Namni her er fraa «Herøy prestegeld j
Sunmør» (or heradi Herøy og Ullstein og Vartdalsstrand og
Sande) og ifraa Sundalen.
Namni no
Nerdøin Nerøyni
Qualsund Kvalsund
Skorpen Skorpa
Vlffstein Ullstein
Ffliø Flø
Moldskrei Moldskre(d)
Skeide Skeide
Sødredymen } Dimna
Nørdredymen
Ostness Osnes
Sødre Vartaffuel Sørvart(d)al
Nørdre Vartafuel Nørvart(d)al
Setre Sætre
Myklebostad Myklebost
Lynge Lynge
Liid Lid
Bemstad ?
Hoffde Hovden


[1] Sjaa DN XII, s. 222.
[2] Dette namnet er tilsett med hand fraa
midt i det 16. hundradaaret.
[3] Utgaava aat Chr. Brinchmann og
Johan Agerholt, s. 1 f. 37 f.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free