- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
15

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Vesteraalens beskriffuelse, m. fl. Peder Claussøns
Norriges beskrifuelse vart ferdig i 1615. Ikkje faa av dei
naturnamni som vart lagde inn under dansk skriftmaal alt paa
den tid, vart fordanska gjenom desse arbeidi. Seinare
skrifter av same slag, baade i det 17., men serskilt i det
18. hundradaaret fordanska meir og meir av
namnetilfanget. Endaa til ein langt framkomen mann som
Gerhard Schøning († 1780) hev det jamnast soleis i den store
ferdaskildringi si at i høgdi skriv han namni paa norsk
fyrste gongen han nemner dei. Sidan skriv han dei um til
dansk. [1] Offentlege brev og aktstykke lagde
til kvar tid nye namn inn under dansk skrift. Kart som er
aa rekna paa tok dei til aa teikna i det 17. hundradaaret.
Store kartarbeid fær ein i det 18. hundradaaret. Serskilt
dei militære tok upp ei mengd med kart (handteikna).
Fraa 1730—40-aari hev ein dei namngjetne kartverki av
brørne von Langen (det er ikkje militærkart). I 1761 kom
det ut eit stort koparstukke Noregs-kart av O. A.
Wangensteen, og i 1762 eit kartverk i dubbelt so stor
maalstokk yver Akershus bispedøme, av den same. I 1773 vart
Noregs Geografiske Uppmæling grunnlagd, som skulde ha
til uppgaave aa kartleggja landet systematisk. I
1791—1803 kom dei fyrste sjøkarti ut. [2] I 1826 kom det fyrste
amtskartet (privat). — Alle desse kartverki skapte
danske skriftformer for store mengder av stadnamn som fyrr
hadde funnest berre i norsk form (paa folkemunn). Soga
um dei norske stadnamni i hundradaari fyre 1800, vert
daa ei samanhangande soge um korleis meir og meir av
namni vert lagde under dansk skrift.

Avnorskingi stogga ikkje eller minka, og vart ikkje
mindre grundig etter 1800, endaa Noreg daa snart fekk ei





[1] Det heile ser rotut ut. Konsekvente var ikkje dei andre
forfattarane heller; sume namn kom i norsk eller halvnorsk form. Full
konsekvens vart det ikkje i officielle dokument eller paa kart heller.
Av vanvare og faakunne slepte dei ymse spreidde norske former til,
oftast kanskje paa karti.
[2] «Dei Grove’ske drafti», 7 kartblad i
maalstokk 1 ∶ 225 000, utgjevne av Sjøkartarkivet i Kjøbenhavn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free