- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
25

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

teke norsk til upplæringsmaal i det heile, men alle
skular. Kommunestyre og avisor som hev teke norsk maal i
bruk, hjelper til med det same. Likeins litteraturen paa
norsk. Norsk skrivemaate i stadnamn fær studnad — um
so studnaden enno er ujamn — fraa centralstyringi. Og
dei aalmenne synsmaatane kring desse spursmaali hev skift
i vide krinsar av folket.

Me skal no fortelja noko um arbeidet ned igjenom for
uppnorsking av namni.

Matrikkelen 1838.



Den reint ytre orsaki til at spursmaalet um
tilbake-nasjonalisering av stadnamni kom upp i 1830-aari, var ei
heilt praktisk sak. Det var ein revisjon av matrikkelen,
som dei heldt paa med daa. Og den vesle uppnorskingi
som det vart ved dette høvet, kom òg einast —
beinveges — matrikkelen til godes.

Ved lov fraa 17. august 1818 hadde Stortinget vedteke
at det skulde arbeidast ut ein ny matrikkel. Ein
kommissjon hadde arbeidt med ny-matrikuleringi fraa 1820 av.[1]
I 1835 var kommissjonen til endes komen med sjølve
arbeidet sitt, noko seinare vart han uppløyst. Daa
matrikuleringskommissjonen var ferdig, skulde dei prenta
matrikkelen. Og daa var det spursmaalet um korleis dei
burde skriva namni kom upp: um dei skulde skriva plent
som det hadde vore vanlegt lenge daa, eller faa eit
umskifte. Spursmaalet vart reist heilt principielt med ein
gong. Og det vart peika greidt paa at det laag noko
unormalt i den fordanskingi som raadde; so det trongst ein
umsnunad.

Den som tok spursmaalet offentleg fram og reiste
uppnorskingskravet baade greidt og kraftigt, var ein
innsendar som skreiv eit innlegg i «Morgenbladet» 1836 (nr. 230,
17. august). Den artikkelen merkjer ut eit vendepunkt.

Me skal gaa igjenom denne artikkelen. Og for di han

[1] Kommissjonen var tilsett ved kgl. res. den 27. decbr. 1819.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free