- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
43

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

ikkje. Det er eit vitnemaal um kor lite dømekraftige
endaa til dei fremste norskdomsstrævarane enno paa denne
tid var. Sume av kravi aat Daa paa ljodrett skrivemaate
bygde paa falske fyresetnader. Ej og øj som han kravde,
er mindre ljodrett enn dei skrivemaatane han lasta: ei
og øy. Den etymologiske d’en — i ord som Lid — tok
ogso Ivar Aasen med i den nynorske skriftnormalen.

P. A. Munch var den øvste vitskaplege domaren for
den tidi i spraaklege og nasjonalhistoriske spursmaal. Han
skreiv um Munthes matrikkel i «Den Constitutionelle» i
1845 og i fyremælingi til boki «Historisk-geographisk
Beskrivelse over Kongeriget Norge» i 1849.[1] Han hadde gode
ord utan so sterke atterhald som Daa. Munch var sterkt
teken av det vedunderlege samanhenget i det gamle
norske maalet og ogso i dei nynorske maalføri, — dei hadde
vorte systematisk granska daa Munch skreiv i 1849 (Ivar
Aasens Grammatikk 1848). Han saag difor med skynsemd
paa den etymologiske framgangsmaaten aat Munthe,
endaa um han òg saag lyte ved arbeidet. Og for di han
enno var i den sterke spraakleg-nasjonale perioden sin,
gledde han seg mykje yver uppnorskingi.

I 1845 forsvarar han Munthe med ihuge.
Rettskrivningi i den nye matrikkelen — segjer han — «stemmer i
det hele taget langt bedre med den ældre og nuværende
form og udtale, end den desværre endnu for en stor deel
brugelige, der har sin oprindelse fra [u]nationale og i
sprogets væsen ukyndige embedsmænd. Man har vistnok af
og til hørt klage over at den nye matrikel har gjort
mange navne ukjendelige, men disse klager maa
nødvendigviis kun hidrøre fra ucompetente, der generes ved at see
en ny navnform, der strider mod den, hvortil gammel
slendrian har vant dem. Thi vist er det, uligheden og
ukjendeligheden er blot for øiet; den nye matrikel har ført
skrivemaaden tilbage til etymologi og udtale, og om man
end herimod vil anføre at almuen selv paa flere steder


[1] «Den Constitutionelle» 1845 nr. 313, i ei melding um Gjessings
kart yver Christians amt, I bladet; [[** sic **]] Hist.-geogr. beskr. etc., s. XIX.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free