- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
47

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

academicum, dei høgre skulane o. fl. — Det fanst dei som
opponera. Amtmann Thesen i Romsdals amt, som var efor
for Molde millomskule, kriticera sumt i lista daa han
sende henne fram til styraren for skulen. Samstundes sende
han brev til Kyrkjedepartementet um det same. Eitt av
dei namni han gjorde merknad ved, var Ager: «Ager
gjengiver formeentlig paa ingen maade enten det gamle
Akr eller den daglige tale.» Departementet gav ikkje
amtmannen noko slag paaskyning for kritikken sin. Det let
riksarkivar Lange — riksarkivaren var enno paa den tid
byraachef i Kyrkjedepartementet — skriva ei ny umsegn,
og den umsegni var i realiteten heller avvisande mot
amtmannen. I princippspursmaalet Ager—Aker var ho tvert
avvisande: «De gamle former Aker, Vik ere i analogi
med skriftsproget gjengivne med Ager, Vig, fordi jeg ikke
kjender nogen gyldig grund til at behandle stedsnavnene
exceptionelt som sproget uvedkommende incrustationer.
Saalænge skriftsprog og talesprog paa thing og i kirke er
dansk, maa efter min formening stedsnavnene følge
strømmen, ellers berøver man sig og andre den hjælp til at
forklare sig stedsnavnenes betydning som deres i det hele
appellativiske natur yder.» Brevet fraa amtmann Thesen
er dagsett 22. oktober. Alt den 7. november sende
Kyrkjedepartementet denne umsegni til honom; og det let fylgja
med ein reprimande for di amtmannen formelt ikkje
hadde gjenge heilt rett fram.

Noko positivt kom det ikkje ut av kritikken aat
amtmannen, det ein kann sjaa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free