- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
48

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Av embættsmennene utanfor departementi var
det visseleg dei færraste som hadde same syni som
amtmannen i Romsdalen. Dei fleste heldt seg nok heller til
det tilvande, og det ikkje berre med distriktsnamni, men
med gardsnamni ogso, endaa dei ikkje vart revidera
attende til fyre 1838. Det var mykje sant i det som ein
innsendar skreiv i «Fedraheimen» mange aar seinare:[1] Den
nye matrikkelen av 1838 vart send rundt til
embættsmennene daa han var ferdig. Futane skulde føra han inn i
kassaboki og sorenskrivarane i panteregistret; — «men
gardsnamni kom nok inn i protokollarne, men dei kom
inkje ut atter, for embættesmennerne vilde inkje bruka
deim, men hekk fast i sine gamle danske tradisjonar».

Den nye matrikkelen møtte soleis mykje motsegn,
endaa dei mest sakkunnige var samde um at han var eit
framstig. Korleis den høgmælte hopen, — den
administrative og den folkelege konservatismen —, tok imot
honom, samlar visst P. A. Munch rett i desse ordi fraa 1849:
«Mange ukyndige og incompetente, men derfor lige
djerve stemmer have opløftet skrig imod den af Munthe
foreslaaede skrivemaade, som altfor «besynderlig, urimelig og
afvigende fra det sædvanlige»; man har hængt sig ved
enkelte inconseqvenser og unøjagtigheder, der ved et arbejde
af saa stort omfang ingenlunde vare lette at undgaa, og
man har derfor tilsidst maattet indgaa paa etslags
overeenskomst om at mødes paa halv vej, — en højst urimelig
føjelighed,» legg Munch til.[2]

Det synte seg, at um den nye matrikkelen var hovsam
med uppnorskingi si, so var han framfyre si tid.

Men det meste av det nye i Munthes matrikkel hadde
so god rot i norsk maal, at paa lengdi kunde ikkje dei
mektige maktene i samfundet heller stengja det ute. P. A.
Munch legg attaat i 1849 — visseleg noko smaalaaten i
kravi —, at traass i motstandet hadde dei like vei alt daa
«virkelig sporet en kjendelig fremadskriden til det bedre».
Alt tidleg i 1840-aari finn ein i røyndi at skrivemaatar som


[1] 11. mars 1885, nr. 20.
[2] Hist.-geogr. beskr. over kongeriget Norge,
s. XIX. Jfr. òg her framanfor, s. 43.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free