- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
52

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

normal-skrivemaade»; men dei laut lata falla av det gamle
det som «aldeles bestemt» var burtfalle. Slikt som Munch
meinte laut falla, var t. d. th for gamalnorsk þ — her er
han imot Munthe —, og ymse grammatiske endingar,
serskilt nominativsmerket r. Eit offer til bokmaalet var det
at han attaat meinte dei laut skriva ø for gamall ey eller
øy, og hv for kv. Det var voni aat Munch, at den
undervisningi dei hadde fenge ved Universitetet i gamalnorsk,
etterkvart skulde hjelpa fram ein nasjonal skrivemaate
for namni.

Di verre vart ikkje hans eigen praksis so god som
teorien. I boki si hadde han — tilstend han — av ymse
praktiske grunnar næmast halde seg til «den vedtagne
skrivemaade». Han hadde ikkje retta anna berre «altfor
himmelskrigende urigtigheder». Like vel kann det ikkje vera
tvil um, at med den tyngd som P. A. Munchs ord hadde,
so hev boki hans ikkje gjort so lite til aa arbeida fram ei
nasjonal syn paa stadnamni vaare. Baade fyremælingi,
og so det at boki synte fram dei upphavlege gamalnorske
namnformene, hev havt verd i so maate.[1] — Amtmann
Thesen i Romsdal hev kjent og nytta Munchs bok alt i
1849.

Amtmann Thesen [2] kom sjølv seinare til aa maalbera i
ei bok kravet um at dei skulde skriva stadnamni rettare.
Det var i boki «Beskrivelse af Romsdals Amt», som han
gav ut i 1861. Ordi hans fekk vel ikkje so mykje aa segja.
Men dei gjev oss heilare greide paa meiningane hans enn
brevet han sende til Kyrkjedepartementet i 1849, og dei
skuvar daa same vegen som Aasen og Munch. Dessutan
var det vel sume fleire som meinte liksom han; difor
fortener det han skriv aa verta kjent. Boki hans, som er eit
stort topografisk-statistisk verk, inneheld ei mengd
geografiske namn. Etter mynster fraa Munch — venteleg —
røder han um i fyreordet korleis desse namni burde


[1] Mange av dei gamalnorske namnformene kann ein kriticera.
Men det hev mindre aa segja i dette samanhenget.
[2] Sjaa elles um
denne urædde, varmhuga framstigsmannen S. H. Finne-Grønn:
Norges prokuratorer, sakførere og advokater 1660—1905. II bd. s. 103 ff.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free