- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
55

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

att skulde avløysa den ifraa 1858. Same aaret sende
riksantikvar N. Nicolaysen ei fyreteljing til
Finansdepartementet um at dei burde nytta dette høvet til aa faa vølt
paa gardsnamni aa nyo.[1] Fyreteljingi er dagsett den 4.
december 1865. Nicolaysen heldt fram at dei burde faa
menn med specielle kvalifikasjonar til aa gaa igjenom
namni, og ikkje lata ein vanleg matrikkelkommissjon ha
med det aa gjera. Av velskikka menn nemnde han
«professor Unger, lektor Rygh, kand. mag. Sof. Bugge og kand.
fil. Huitfeldt». Ein kann ikkje sjaa at fyreteljingi førde
til noko resultat. Noko serleg nasjonalt krav laag det no
ikkje i henne heller, berre krav um ei vitskapleg
utreinsing paa den tradisjonelle maalgrunnen; Ivar Aasens namn
er ikkje nemnt millom dei som kunde vera med paa ein
eventuell spraakrevisjon.[2] Like vel var denne fyreteljingi
òg eit aatak paa det gamle som var.

Men matrikkellovi gav høve til noko som hadde meir
aa seg ja ogso. Det var at i 1868 kom spursmaalet um
gardsnamni, og med det namnesaki for fyrste gong, inn
for Stortinget. Den som fekk spursmaalet fram der,
var den kjende trøndske norskdomsmannen O. J. Høyem.
Han sende inn til Stortinget eit framlegg um gardsnamn
i 1868. Det er dagsett den 17. september.
Repræsentanterne kyrkjesongar J. Olafsen fraa Romsdal og lærar D.
Iversen fraa Sør-Trøndelag tok det upp.

Framlegget fraa Høyem gjekk fyrst og fremst ut paa
at dei burde faa fleire gardsnamn. Ved gardskløyving
hadde det vorte soleis at ei heil rad med bruk (gardar)
mange stader gjekk under eitt og same namnet. Dette
skulde det fylgja so mange ulempor med. Difor burde
dei nytta høvet no ved den nye matrikuleringi til aa lata


[1] N. Nicolaysen hadde fyrr vore litt burt i geografiske namn. I
1855 hadde han arbeidt ut eit «Motiveret forslag til faste navne for
Bergens gader og offentlige pladse». Prenta 1857.
[2] Fyreteljingi er
prenta i «Aftenbladet» 6. nov. 1868, nr. 235. Det var framlegget fraa
O. J. Høyem som gav høve til at ho vart framdregi daa. Truleg er
det Nicolaysen sjølv som hev offentleggjort henne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free