Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Røraas, Overhalvden; ein skulde retta til Hviteseid, Vanse,
Røros, Overhalven.
Rygh meinte at dei burde setja ein kommissjon til aa
greida med den revisjon som var naudsynleg.
Riksstyret gjorde framlegget ifraa Oluf Rygh til sitt
program.
Ein ser at dei tvo framleggi: Rygh sitt og
Vonheims-mennene sitt hev heilt ulik karakter. Vonheims-mennene
kravde ei nasjonal umvøling av stadnamni radt ifraa
grunnen. Tilraadingi ifraa Rygh, som riksstyret godtok,
kravde i hovudsak ei ortografisk umvøling for orden
skuld, ikkje noko anna. Ho gjeng heilt utanum
spursmaalet um den nasjonale revisjonen. «Skriftsproget»
var det som fyrst og fremst skulde gjeva normane for dei
nye brigdi. Framlegget gjekk i røyndi slett ikkje ut paa
aa faa meir uppnorsking. Det gjekk ut paa aa
konsolidera seg um det som var. I so maate kann ein jamføra
den revisjonen som Rygh og riksstyret vilde ha med den
revisjonen Blichfeldt hadde gjort i 1830-aari. Berre
Vonheims-mennene vilde føra lenger fram den revisjonen som
hadde teke til med Munthe. Det er framlegget deira som
hev interessa her.[1]
Det synte seg at framlegget fraa Vonheims-mennene,
daa det vart kjent, fekk samhug fraa fleire sidor; det
kveikte i minsto interesse.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>