- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
66

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Men riksstyret vilde ikkje sleppa sitt program.

Den 11. april 1878 tilsette det ved kgl. res. ein
kommissjon til aa revidera skrivemaaten for gardsnamni. Det
nøytte seg fyrr Vonheims-framlegget kunde koma upp i
Stortinget. Tanken var at Stortinget ikkje skulde staa
fritt naar det kom til Vonheims-framlegget, og daa
kanskje slett ikkje skulde taka det upp til dryfting.
Stortinget skulde koma til aa staa framfyre ei avgjord sak.
Riksstyret sette Oluf Rygh og Sophus Bugge og Joh. Fritzner
til aa vera med i kommissjonen — framifraa menner, men
dei stod framande for den nasjonale maalreisingi.
Mandatet deira gjekk ut paa at dei kunde retta namni som
dei sjølv tykte, «dog saaledes at de af prof.
Rygh i hans betænkning opstillede
grundsætninger i det væsentlige blive
bestemmende for arbeidets plan og
gjennemførels
e».

Denne illojale aatferdi aat riksstyret gjorde deim
harme som heldt med Vonheims-mennene og vilde ha ein
djuptgripande spraakleg reform. «Dagbladet»
(bladstyrar: H. E. Berner) hadde ein kvass artikkel den 25. mai.[1]
Det kriticera mandatet for kommissjonen. Det var berre
«bogstavombytninger» riksstyret for med, skreiv bladet,
nokre «bagatelrettelser af saa ubetydeligt værd, at man
neppe vil være kommen mere end et hanefjed nærmere
til det maal at faa optaget den virkelige norske form for
navnene». Princippet var beint fram aa «indskrænke sig til
nogle ændringer i skrivemaaden, som næsten helt og
holdent ligger indenfor det danske skriftsprogs ramme og
lidet eller intet har med norsk sprog at bestille». Og so gjer
bladet eit skarpt aatak paa riksstyret for at det hadde havt
det so ant med aa faa tilsett namne-kommissjonen, at det
ikkje hadde kunna venta til Stortinget fekk sagt sitt ord.
«Dagbladet» slær paa at Stortinget etter dette burde taka



[1] Nr. 143 [A].

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free