- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
78

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

heradstyri i kvar bygd. Lars Liestøl, L. Bentsen, Jak.
Sverdrup, Johan Sverdrup, Niels Juel, L. Daae aatala at ikkje
Ivar Aasen var komen med i kommissjonen. Jak.
Sverdrup gjekk ut ifraa at etter dei ord som hadde falle i
Stortinget, vilde Ivar Aasen koma med. Sivert Nielsen
upplyste det som me alt hev nemnt, at fleire i nemndi hadde
ynskt aa faa Ivar Aasen inn i kommissjonen, men at dei
ikkje hadde vilja taka nokon dissens sidan dei fekk med
dette um heradstvri. Etter no saki var komi fram i
Stortinget, vilde han som nemndemann telja til at
kommissjonen vart auka so Ivar Aasen fekk rom. Men ingen tok
upp noko framlegg, og Stortinget vedtok
nemndtilraadingi samrøystes.

Det greide paalegget til riksstyret som
Vonheims-mennene hadde forma ut i framlegget sitt, kom soleis
ikkje under røysting.

Framlegget fraa Vonheims-mennene og dokumenti
fraa Stortinget gjekk no til riksstyret. Riksstyret spurde
namnekommissjonen um dei tykte at dei trong fullmakt
til aa venda seg i umbods medføre til heradstvri.
Kommissjonen svara nei; heradstyri var ikkje dei beste jamt
aa venda seg til um upplysningar i slike saker. I eit
fyredrag dagsett den 29. november 1878 skreiv so
Finansdepartementet: «Da den begrændsning, hvormed det er
overdraget den under 11te april sidstleden naadigst
anordnede kommission at revidere stedsnavnene i matrikelen,
efter departementets opfatning ikke afskjærer
kommissionen adgang til at tage tilbørligt hensyn til det angaaende
sagen i Storthinget passerede, antager man, at den fra
Storthinget modtagne forestilling ikke giver anledning til nogen
forandring i den for navnekommissionens arbeider
opstillede plan.» Den 9. decbr. 1878 tok riksstyret i samsvar med
dette kgl. res. paa, at dokumenti som var komne fraa
Stortinget, skulde sendast til namnekommissjonen; so kunde
kommissjonen under arbeidet sitt taka det umsyn til dei
som han sjølv etter sitt skyn fann tenlegast.[1]


[1] Stort.-forhl. 1879. 5 d„ dokument nr. 47.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free