- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
95

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

bispedøme, provsti, prestegjeld og andre offentlege syslor
(«embætte») maa verta umvølte paa norsk elder umbytte med
nasjonale namn, der det trengst, og bed Riksstyret um aa
gjenomføra desse brigdi, elder um log skulde til, daa aa
arbeida ut fyrelegg um desse.»

Dei som skreiv under med Skaar paa dette framlegget
var: M. Hægstad, Edv. Liljedahl, V. Ullmann, Abr. Berge,
Lars Liestøl, Fr. Havig, O. Langeland, Erik Enge.
Framlegget vart fyrehavt den 16. januar 1900. Der vart eit stutt
ordskifte. Skaar gav grunn for framlegget, og heldt fram
at etter den revisjonen dei hadde havt paa gardsnamni,
laut turen no koma til distriktsnamni, serskilt amtsnamni.
Eit par talarar — Lützow Holm og Chr. Knudsen av høgre
— mana til at ein maatte vera varsam og gaa fram stig for
stig, og halda paa «naturlig udvikling». Med sovorne
atterhald røysta dei for framlegget. Det vart vedteke mot 1
røyst.

Det synte seg braatt etter dette stortingsvedtaket, at ute
i fylki var det ikkje liti interesse fleire stader for aa faa
dei gamle namni att. Den 26. mars 1900 vedtok
fylkestinget for «Jarlsberg og Larviks amt» samrøystes ei
uppmoding um at fylket maatte faa namnet Vestfold. Den
4. april vedtok fylkestinget for «Lister og Mandal»
samrøystes aa søkja um aa faa namnet Vestagder. Og
fylkestinget for «Søndre Bergenhus» gjorde vedtak den 16.
juli um at dei ynskte aa faa namnet Søndre Bergenhus
umbytt med Hordafylke eller Hordaland (Ordførar
Nils Skaar, og likeins fylkesmannen fyreslo berre
«Hordaland»).[1]

Riksstyret òg tok saki upp denne gongen. Det tilsette


[1] Fylkestinget for Lister og Mandal gjorde vedtaket sitt etter
tilteljing fraa O. Fuglestvedt og fleire ordførarar. I tilteljingi viser dei
til stortingsvedtaket og vedtaket i fylkestinget for Jarlsberg og
Larvik. — I Hordaland sende Voss ungdomslag (ved Ludv. Bru)
uppmoding den 1. mai 1900 til fylkesmannen, at han vilde leggja fram til
naudsynt avgjerd spursmaalet um aa faa namnet S. Berg.h. amt
umbytt med Hordaland (-fylke, -syssel). Fylkesmannen lagde dette
brevet fram for fylkestinget.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free