- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
99

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

udsigt til at blive virkelighed.» For statistikarane vilde det
verta endelaus møde med ei slik namnebyting som
kommissjonen fyreslo. Og det vilde verta ein fælt dyr reform:
«Naar de grunde, som kan hentes fra udgifterne, slaar sig
sammen med endel grunde, som kan hentes fra almindelig
sund sans, saa er der at haabe ialfald paa en udsættelse.»[1]

Det gjekk no ikkje so snøgt med reformen. Mange
vanskar kom i vegen.

Kyrkjedepartementet sende saki rundt til dei kontor
og institusjonar som skulde ha serskild interesse av det, og
samla inn umsegner. Sume av desse umsegnene studde
ikkje tanken um namnebøting. Noregs Geografiske
Uppmæling heldt fram at det vilde verta dyrt aa revidera
inndeilingsnamni.[2] Kommanderande general heldt fram at
ein maatte i alle høve ikkje brjota den militære
tradisjonen. Det vilde sume av framleggi aat kommissjonen
gjera dersom dei fyreslegne namni kom inn i det militære.
Slike namn kunde ikkje det militære taka upp.[3] Sume var
seine med aa svara. Daa dei tok saki fram i
Kyrkjedepartementet i 1910, var det enno ikkje (68) kome umsegner
fraa Justisdepartementet og Finansdepartementet.
Justisdepartementet venta paa at civilprocesslovi skulde
verta ferdig, so ein kunde faa endeleg yversyn yver korleis
den rettlege inndeilingi vilde verta. Og
Finansdepartementet heldt seg til den sakkunnige raadgjevaren sin
(professor Falk); han meinte at saki burde framdrygjast so
lenge.[4] Det same hadde elles nemndmannen professor
Hægstad òg sagt seg samd i; han meinte at fleire punkt i
framlegget trong til ny dryfting (jfr. dissensane i
kommissjonen).

Den lange framdrygjingi (fraa 1900) gjorde at sume av
reformvenene freista aa skunda paa. Alt daa valkrinslovi
var framme i Lagtinget i april 1906, greip repræsentanten,


[1] Eit svar paa artikkelen aat Helland finst i «Den 17. Mai» 912
1905; nr. 145.
[2] I brev til Forsvarsdepartementet dagsett den 22. febr.
1906.
[3] Brev til Forsvarsdepartementet den 121 1906.
[4] Brev fraa
Falk til Finansdepartementet den 268 1908.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free