- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
105

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

tok upp att bøni um at namni ikkje maatte faa dansk form
i det av matrikkelen som var att.[1] Og han bad um aa faa
sjaa matrikkelmanuskriptet for sitt distrikt (Lofoten) etter
det hadde vore hjaa den sakkunnige, og fyrr det gjekk til
prentings.

Dette vart upptaket til eit brevskifte millom
sorenskrivar Havig og Finansdepartementet, som paa slutten vert
reint spanande. Misvoni aat Havig hadde ikkje vore heilt
utan grunn. Det syner seg at finansministeren hadde nok
gjort vedkomande i departementet vis med det som hadde
vorte sagt i Tinget.[2] Men dei hadde late alt gaa som fyrr.
No fyreslo den som gav tilraading for riksraaden, at
departementet skulde svara Havig at det var for seint aa
gjera noko. Dette var like vel ikkje etter
finansministeren sin hug. Han var ein av dei som hadde skrive under
framlegget aat N. Skaar i 1899; og andre interessera,
Løvland, Konow og fleire, hadde vendt seg til han underhand.
Han baud difor at dei skulde røkja etter kor langt det var
kome med matrikkelen, og um det enno kunde vera tid til
aa gripa inn med nokor nytte. Dette var den 59. Det vart
upplyst at dei var komne so langt at dei hadde byrja med
Nordlands fylke, og so var berre Trums fylke att.[3] Sidan
det ikkje var meir att, vart det til at Finansdepartementet
gav eit vikande svar, korso, den 99 1907.

Alt den 139 sende Havig ei ny fyreteljing. Han bad
departementet setja eit par maalkunnige menn ved sida av
den maalrettaren som var. Dersom departementet ikkje
vilde stetta det ynskjet, bad han inntrengjande, at
departementet paa eigi hand maatte avgjera det principielle
spursmaalet, anten gardane skulde faa ha sine norske
namn eller skulde kunna verta fordanska (t. d. øy til ø).
Han endar brevet soleis: «Hvis departementet, efter hvad
der er passeret i Storthinget, intet vil gjøre for at bevare


[1] Um -øen for -øya skreiv han (138): «Saadan fordanskning
synes alene at være snobberi eller en forloren fattigfornemhed, som
ikke synes mig at fortjene nogen støtte.»
[2] Heilt klaart gjeng like
vel ikkje dette fram av dokumenti.
[3] Finnmark fylke hev ikkje
matrikkel soleis som hine fylki.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free