- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
115

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

for slike distrikt (bispedøme eller stift, fylke eller amt)
laut det lov til um. Riksraad Løvland fekk framsett kgl.
proposisjon til lov um brigde i desse namni og nemningane
den 19. juni 1918. Proposisjonen fylgde i hovudsak
tilraadingi fraa dei sakkunnige.[1] Saki kom upp i
Odelstinget den 25. juli. Dei konservative gjorde ein hardsett
freistnad paa aa faa henne framdrygd. Dei bar serskilt
fyre at saki hadde vorte for ringt fyrebudd og var uferdig
til avgjerd. «Der blir vilkaarlighet i det,» sagde W.
Konow i tala si;[2] «det blir efter smak og behag og det
vestlandske flertal her i salen,[3] maalmændene her i salen, vil
paatrykke Østlandet navne, som det ikke vil kjendes ved.»
Løvland svara med aa visa til dei sakkunnige
utgreidingane, til alt ordskiftet det hadde vore offentleg i pressa
gjenom so mange aar, og til den lange og grundige og
umstendelege fyrebuingi som saki hadde fenge hjaa
administrasjonen. Han meinte at dei no maatte ha sét henne fraa
alle sidor, og at full sakleg eller principiell semje vilde
dei ikkje koma til um dei sette ut aldri so lenge.
Utsetjings-framlegget [[** sjk]] fall. Namnelovi vart vedteki. Ho vart
sanksjonera den 14. august. I det store og heile gjekk det etter
proposisjonen. Men det vart fleire brigde og; sume av deim
gjorde det principielle samanhenget i lovi ringare enn det
kunde ha vore (sjaa her i det fylgjande, s. 140—143).[4]

Like vei var eit hovudslag, baade faktisk og moralsk,
vunne. Ved lovi fraa 14. august 1918 og so ved den kgl.
res. fraa 311 1917 um heradsnamni hadde dei um sider
fenge ført igjenom det viktugaste av programmet i


[1] Falk og Hægstad hadde fyreslege Bergens bispedøm(m)e;
proposisjonen hev Bjørgvin bispedømme. Dei sakkunnige hadde fyreslege:
Aust-Upland, Vest-Upland, Sør-Upland (Falk: Opland), Fjordane,
Nordland, Trums fylke; proposisjonen: Heidmark, Upland, Ringerike,
Sogn og Fjordane, Haalogaland, Trondenes fylke.
[2] W. Konow høyrde
no til høgre.
[3] Vestlandet hadde 31 repræsentantar, i alle parti, av 123.
[4] Dei brigdi som Stortinget gjorde, var desse: i staden for Kristiansand
og Trums bispedøme i proposisjonen vart vedteke Agder og Haalogaland.
For Austfold, Romerike, Heidmark, Upland, Ringerike, Trondenes
fylke vart vedteke Østfold, Akershus, Hedmark, Opland, Buskerud, Troms.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free