- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
137

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

fram nokon proposisjon. Den 7. mars sagde riksstyret
(Abraham Berge) seg samd i dette.

Men alt noko fyrr — den 29. februar — hadde tri
repræsentantar teke framlegget fraa 25. oktober 1923 upp
for Stortinget som privat lovframlegg. Dei tri
repræsentantane var Knut Markhus, Ivar Tveiten, Anders Vassbotn.
Odelstinget vedtok lovi den 30. juni 1924 med stort
fleirtal, etter eit langt og livalt ordskifte. Lagtinget òg vedtok
lovi, med eit noko mindre fleirtal. Millom fleirtalet var
menn av alle parti. Mindretalet var hovudsakleg av
høgre.[1]

Fleire av dei som var fyre namnebytet, heldt sterkt fram
ved dette høvet, at ein kunde ikkje sjaa denne einskilde
saki isolera; ho stod i samanheng med ei heil nasjonal
rørsle. Ordføraren for fleirtalet i nemndi
(Konstitusjonsnemndi), Olav Scheflo, sagde: «Denne sak hænger
sammen med hele det avdanskningsarbeide som har paagaat
i Norge nu i nogen menneskealdre, og dette arbeide kan
man trygt fremme.»[2]

        

Attersyn.



Skal ein draga stutt saman korleis framvokstren hev
vore sidan 1830-aari, so vert hovudpunkti desse:

I 1836 peika L. Kr. Daa paa at dei gamle landskapsnamni
hadde kome burt, men serskilt reiste han krav um at dei
skulde skriva namni i matrikkelen paa norsk. Blichfeldt
i matrikkelen fraa 1836 og Gerhard Munthe i matrikkelen
fraa 1838 reinsa ut or jordeboki ei stor mengd med
fortyska skrivemaatar. Munthe tok det fyrste principielle
stiget burt ifraa dansk skrivemaate. Det som hadde mest
aa segja i revisjonen hans trengde igjenom etterhand, traass
i motstand hjaa centraladministrasjonen og elles. I den
fylgjande tidi fekk motstrævet mot den danske
skrivemaaten styrke fraa arbeidet aat P. A. Munch og framfor
alt fraa Ivar Aasen og vitskapsverket hans og
maalreisingi. I 1868 sende O. J. Høyem framlegg til Stortinget um
norskare namn i matrikkelen. Konstitusjonsnemndi forma

[1] Stort.-forhl. 1924 8 d. Tidende Ot., s. 609—647. Tidende Lagt., s.
136—154.
[2] Stort.-forhl. 1924 8 d. Tidende Ot., s. 611.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free