- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
140

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

TRIDJE BOLKEN.


                                                                                                Dette er ikkje noko umdøyping. Det
var den danske administrationen, som
umdøypte namni. Dette er nettupp aa
restituera dei upphavlege namni, aa setja inn
i sin rett att dei gamle rette namn, aa
faa vekk det, som utanlandsk magt hev
lagt paa landet.


(Jørgen Løvland, i namne-ordskiftet i
Stortinget 1918.)


Dette er icke noko umdøyping. Det
var den danske administrationen, som
umdøypte namni. Dette er nettupp aa
restituera dei upphavlege namni, aa setja inn
i sin rett att dei gamle rette namn, aa
faa vekk det, som utanlandsk magt hev
lagt paa landet.

(Jørgen Løvland, i namne-ordskiftet i
Stortinget 1918.)



        Dette er ikkje noko umdøyping. Det
        var den danske administrationen, som
        umdøypte namni. Dette er nettupp aa
        restituera dei upphavlege namni, aa setja inn
        i sin rett att dei gamle rette namn, aa
        faa vekk det, som utanlandsk magt hev
        lagt paa landet.


        (Jørgen Løvland, i namne-ordskiftet i
        Stortinget 1918.)

        

Namnevøling som stend att.



Me skal til slutt gjeva ei yversyn yver noko av det som
stend att, fyrr den faktiske yvergangen til nasjonalt
grunnlag i namneverket er ferdig. Til sumt av dette trengst det
berre lojalitet fraa deira side som tener Staten. Til sumt
trengst det serskilde iverksetjande vedtak.

Um det som let seg ordna ved lojalitet, skal me ikkje
nemna stort. Til slikt høyrer t. d. at lista yver fyrar og
sjømerk
e, som eit offentlegt kontor gjev ut periodisk,
fær ei umvøling; likeins lista yver «Seilmerker paa
den norske kyst», utgjevi av det same kontoret. I
Fyrlista (1926) finn ein t. d. fyrane Hvidingsø, Trænen,
Lysøsund, medan poststadnamni er Kvitingsøy, Træna,
Lysøysundet; ein finn namn der som Tvesteen, Marstenen,
Græsøene. Det høyrer deim til som gjev ut officielle namneverk
aa faa retta paa slikt sjølvminnt. Til lojaliteten høyrer det
òg at kontori baade i centraladministrasjonen og i det
lokale embættsverket gjenomfører for alle namn den
officielle skrivemaaten i alt offentlegt. I yvergangstidi hev
det hittil falle noko ujamt i so maate.

Um slikt som det trengst serskilde vedtak eller
raadgjerder til, skal me røda noko meir.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free