Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
«Brevik» er visseleg mykje framhjelpt gjenom skrift. Det
munde vera grunn til aa skriva namnet etter tydingi
(Breidvik).
Kragerø. I sjølve byen og næmast ikring uttalar
dei dette namnet etter skrifti: Kragerø. Fraa Drangedal
er uppgjeve kråkerei og kragerei (forutan Kragerø). I
Brunlanes i Vestfold segjer dei kråkere; baae e’ane er
stutte. Fraa Gjerstad i Austagder er uppgjeve Kragerø
og kråkerøy,[1] fraa Vegaarsheid kråkerøy. I dei øvre
bygder i Telemark segjer dei kråkerøy.[2] «Kragerø» er
fordansking. Den upphavlegaste formi som liver no, er «Kraakerøy».
Siste lekken er ordet «øy». Soleis hev dei òg teke det
all den tid som ein finn namnet brukt i skrift; det er
allstødt skrive paa dansk Krager-øen, Krager-ø.[3] Noko av
byen ligg paa ei øy. Naar ein finn «Kraakerei» (og
bastardformi «Kragerei») i Drangedal, kann ein jamføra med
at heradsnamnet Skaatøy uttalar dei baade «Skaatøy»
og «Skaatei». Og gardsnamnet Børtøy i Skaatøy
uttalar dei næmast «Børtei», ikkje «-øy».[4] «Øy» hev soleis,
naar ordet stend i ubundi form i andre lekken av
stadnamn, stundom vorte delabialisera til «ei» paa desse
kantar.[5] «Kraakere» i Brunlanes er den formi ein skal venta
der for Kraakerøy. For i namn som stend utan artikkel,
vert øy jamleg til e eller i i Syndre Vestfold. Jamfør t. d.
heradsnamnet Nøterøy, utt. «Nøttere». Det hev vore nemnt
at bynamnet skulde innehalda ordet eid n.[6] [[** sic, vel "neutrum"?]] Men det
høver ikkje med talemaalsformi -øy. Og ikkje er der
noko «eid» heller som byen kunde heita etter. Likso lite
som paa «eid» kann ein — av ljodlege grunnar — tenkja
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>