Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Gardsnamnet Flikkeid (gnr. 74, 16 Nes) uttalar dei og skriv med
i. Um bynamnet vert det upplyst: «Den gamle uttala
var Flikkefjord…… Ein høyrer enno baade Flikkefjord
og Flekkefjord, det fyrste helst av «upplendingar» d. e.
folk fraa Gylands sokn og Fjotland, Sirdalen, Bakka.»[1]
Ogso so langt undan som i Aaseral segjer dei Flikkefjord.
Skrivemaaten «Flekkefjord» er ei forrengjing, det rette er
Flikkefjord.
Sogndal uttalar dei paa staden Sokndal med
halvt klangfør k.[2] Namnet svarar til gamalnorsk
Sóknardalr, av elvenamnet Sókn. Namnet paa heradet
ikring byen skriv dei Sokndal etter 1917, og det turvte
vera samsvar millom heradsnamnet og bynamnet.
Egersund. Byen hev namn etter Eigerøyi utanfor,
som hev havt eit eldre namn Eikund d. e. Eik-øyi.
«Egersund» heitte paa gamalnorsk Eikundarsund. I det
namnet hev r falle tidleg burt. Alt i dei eldste kjeldone
— kring og etter 1300 — tevler Eikundasund med Eikundar-.
Ljodvokstren sidan, som hev kunna brigda namnet so
mykje, hev vore soleis: I den tonelette andre stavingi hev nd
tidleg — visst alt ikring 1400 — vorte assimilera til nn,
so fekk ein Eikunnasund, og med lægjing av den tonelette
u’en: Eikonnasund. nn hev kanskje vorte til dn. Anten
det er so eller ei, fall det naturlegt aa skriva rn, for
dei hadde fenge mange ord paa den tid som dei uttala
med nn (dn), men skreiv (tradisjonelt) rn. Stundom
umtydde dei daa namnet etter ordet íkorni, eigeform
ikorna. Det forklaarar skrivemaaten Ekornasund 1478.[3]
I det lange namnet hev vokalen i tridje stavingi (a, deretter
e) seinare falle burt («Egernswnd» 1567), og i det tunge
konsonantknippet som daa kom fram, fall til slutt
midljoden (n) ut. Ein finn «Eggersundtt» 1570, Eigersund
1606. Avveikjingi fraa o til e i andre stavingi som ein hev
i desse siste formene (etter 1500), er i samsvar med
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>