- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
164

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

mistyding. Dei hev tenkt seg at det gamle namnet Stavern
var samansett med ordet «vern» («Sta-vern»), og so hev
dei laga Fredriks-vern etter det mynstret. Men Stavern
heiter Staferni paa gamalnorsk og skal deilast
Staf-erni. Fyrste lekken lyt vera ordet «stav», og andre lekken
hev i alle høve ikkje noko med ordet vern aa gjera.

Endaa «Fredriksvern» vinn grunn, er «Stavern» òg
framleides i bruk i bygdi ikring, det er ikkje utdøytt.

Kristiansand hev sume vilja byta namn paa.
Nokre hev fyreslege Storesand; so skal staden ha
heitt fyrr der vart by (jfr. Litlesand). I norskmaalsskrifter
hev dei stundom brukt Otteros, etter elvi Otra som byen
ligg attmed.[1]

Kristian IV grunnlagde byen av nyom i 1641. Noko
eldre namn som var kjent, vart ikkje daa skuva til sides,
det ein veit. Det er difor noko veike grunnar for
namnebyte her. Men det er visst: Otteros er baade eit vænare
og hendigare namn enn Kristianssand.

Kristiansund. Der som Kristiansund ligg, heitte
det fraa gamalt Fosn. Namnet er nemnt alt fyrstundes
paa 1500-talet og er skrive Føzen 1518,[2] Ffoszen ca. 1530,[3]
Fousen 1559, Fossenn 1590 osb.[4] Stundom kalla dei staden
Litle-Fosn, i motsetning til Stor-Fosn paa Øyrlandet. Alt
paa 1600-talet var det strandstad og tollstad i Fosn;
«Fosen ladested» er nemnd 1631.[5] I 1666 skal det ha butt
ikring 200 menneskje der. I 1709 fekk dei kyrkje. Fyrsta
i 1742 — daa byen fekk kjøpstadrett — var det at han
fekk namnet Kristiansund, etter kongen daa Kristian VI.
Her hev ein ei radt grunnlaus umdøyping, soleis at eit
gamalt kjent namn hev maatt vika for eit heilt nytt, laga
namn. Det torer endaa til henda at ei skir mistyding hev


[1] Soleis Hans Mo, Geografi i landsmaalet. Bergen 1884 (Oteros).
Hans Ross, Norsk Ordbog, s. 485 (under «loda»; Otros). Professor
Alexander Seippel hev òg fyreslege dette namnet.
[2] Norske
Regnskaber og Jordebøger, udg. af H. J. Huitfeldt-Kaas. II, s. 75.
[3] Olav
Engelbrektssons jordebok, utg. av Chr. Brinchmann og J. Agerholt,
s. 36.
[4] Sjaa N. Gaardn. XIII, s. 334 f.
[5] Norske Rigsregistranter VI,
s. 299.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free