- Project Runeberg -  Norske Digtere. En Anthologi med Biografier og Portrætter af norske Digtere fra Petter Dass til vore Dage /
508

(1886) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen With: Henrik Jæger
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

enno eg h0yrde, at Vaarfuglen song mot Sol o g mot Sumar.
Enno ein Gong den Velsignad eg fekk, at Gauken eg höyrde,
enno ein Gong ut paa Aakren eg gjekk, der Plogen dei kjoyrde.
Enno ein Gong fekk eg skoda meg varm paa Lufti og F.ngi;
Jordi at sjaa som med lengtande Barm at sukka i Srengi,
Vaarsky at leika der til og ifraa, og Skybankar krulla,
so ut av Banken tok Tora til slaa og kralla og rulla.
Saagiddren endaa meg unntest at sjaa paa Vaarbakken dansa,
Fivreld at floksa og fjuka ifraa, der Blomar seg kransa.

Alt dette Vaarliv eg atter fekk sjaa, som sidan eg miste.

Men eg er tungsam og spyrja meg maa: tru det er det sidster
Lat det so vera: Eg mykit av vajnt i Livet fekk njota.

Meire eg fekk, en eg hadde fortent, og Alting maa trjota.
Eingong eg sjolv i den vaarlege Eim, som mettar mit Auga,
eingong eg der vil meg finna ein Heim og symjande lauga.

Alt det, som Vaaren i mote meg bar, og Blomen eg plukkad’,
Federnes Aandir eg trudde det var, som dansad’ og sukkad’.
Derfor eg fann millom Björkar og Bar i Vaaren ei Gaata;
derfor det Ljod i den Flöyta, eg skar, meg tyktest at graata.

Ved Rundarne.

No ser eg atter slike Fjoll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.

Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer’ meg tankefull, men endaa fjaag.

Med Ungdomsminne er den Tala blandad:
det stroymer paa meg, so eg knapt kann anda.

Ja, Livet stroymer paa meg, som det ströymde
naar under Snjo eg saag det grone Straa.

Eg droymer no, som fyrr eg altid droymde,
naar slike Fjoll eg saag i Lufti blaa.

Eg glöymer Dagsens Strid, som fyrr eg glöymde,
naar eg mot Kveld av Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim til Notti vil meg lysa.

Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart,
og det, som beit og skar meg, so det saarad’,
det gjerer sjolve Skuggen mindre svart:

Tora, Torden. — kralla, om den sagte, afbrudte Dur. — Saagiddren, »giddra,
leika upp og ned: Vaareimen, Dunsten, som leikar paa Vaarbakken liksom eii Srcdekast«. —
Fivreld, Sommerfugl. — floksa, vimse. — tungsam, vemodig. — Eim, Damp. —symja,
svomme. — Ljod, Lyd. — fjaag, glad. — hysa, liuse. — bjart, klart, skinnende.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:16:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ndrolfsen/0562.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free