- Project Runeberg -  Norske Digtere. En Anthologi med Biografier og Portrætter af norske Digtere fra Petter Dass til vore Dage /
574

(1886) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen With: Henrik Jæger
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bordet og kneip Judith i 0yrat.
Tag-nad ho daa ikkje, so fekk ho Stryk
etter Boni, naar Ole Johannes hellest
hadde Stunder; for ein skulde priså
Gud med glad Hug og ikkje graatande,
som Luther sagde. Slikt hadde hendt
for vesle Daniel og meir enn ein Gong;
men no var han for stor.

Naar Salma var songi, las Ole
Johannes Boni i Salmeboki og desutan
stundom eit Stykkje i Skattkista; for
Ole Johannes var god til aa lesa.
Der-etter bad han Fadervaar og Herren
vel-signe og bevare dig. Det var ikkje
altid, at Salma av Kingo havde til
Stykket i Skattkista; men det gjorde det
same; for det var Guds Ord alt, og Guds
Ord hadde ein altid godt av aa höyra.

I Dag raakad det hellest so til, at
Salma og Teksten hovde godt ihop.
Dei gjekk baae ut paa, at me ikkje
skulde syta for Mat og Klffide, daa
Vorherre sjölv vilde syta for alt slikt.
Födde ikkje Gud Sporven paa Taket og
Lilja paa Marki, endaa dei korkje saadde
elder spann, og var ikkje me mykje meir
enn dei? Skattkista minte tilslutt om
Enkja i Sarepta og utn Vagtlarne i
Oydemarki og talad strenge Ord ura
den Vantrui som gjorde, at istadenfor
aa slaa vaar Lit til Vaarherre, so gjekk
me og strsevad og sytte for desse arme
jordiske Ting, liksom det var me, som
kunde faa Grasat til aa gro elder
Kornet til aa veksa.

Vesle Daniel, som no var ein (¡ut
paa 13 Aar, likad baade Salma og
Lesestykket, og ynskte berre, at dei no
vilde liva etter det. Men daa Boni var
slutt, og Ole Johannes tok med seg
baade han Lias — eldste Sonen — og
han Reinert — Tenestguten — og
Daniel ut i det surkalde Veret for aa taka
aat med Vaaraanna — hu! daa var det
ikkje fritt for, at Daniel totte dette var ein
underleg Maate aa liva etter Guds Ord paa.

Dagen heldt paa og var sur med
Blaastr og Smaaslut, so det var reint
ufjelgt aa arbeida. Daniel tenkte paa
si varme Seng og paa Stova der heime,
som Mor visst no hadde sopat og fen-

Tagna, tie. — ra ak a til, tra?ffe til. —
syta, værc bekymret for.— korkje, hverken.

get varm, so der var koselegt aa vera.
Hadde no berre desse vaksne havt Vit
til aa tru paa det, som stod med klaare
og reine Ord i Boki! Vesle Daniel
gjorde baade undrast og harmad seg.
Han sette seg fyre, at han vilde spyrja
Far sin ut um dette. Totte Folk, det
var Moro aa gaa slik og traela? Elder
var det ikkje sannt, det som stod i Boki?
Aa, han kunde koma med mange
Spurs-maal i denne Saki, totte han. Men naar
han for Aalvor skulde til, blygdest han,
og det hadde so na:r gjenget i Dag
som det vanleg gjekk, naar han tenkte
paa aa segja elder spyrja 11111 nokot —:
det hadde so najr ikkje vortet av. Men
eingong, som Daniel stod der og skugrad
og fraus og var reint ille i Lag, stansad
Ole Johannes med Plogen like ved
han, og ingen annan var so nitre, at
han kunde hoyra. Daa skaut Guten
Hjartat i Livet, snudde Ryggen til Far
sin, snuggad seg og fraus og sagde:
»Her er ufyse aa vera ute i Dag!« —
»Aa ja,« meinte Ole Johannes; »men
vil me ha Mat til eit annat Aar, so lyt
me nok vera ute.« — »Ja men . . .
kvi stend der daa slikt i Boki . . som
det me las i Dag?« stotad Daniel ög
stangad med Moldgreipi i Treskoen sin;
for det var no so rart aa koma med
slika Spursmaal. Ole Johannes vart reint
förundrad, ja mest ra;dd. Kor kunde
Guten koma paa slikt? Endelig sagde
han, og slog paa Gamparne for aa faa
dei i Gang att —: »Soh! hypp! Der
stend det i Boki, Far min, at . . . soh!
vil du goh! ... at den som ikkje vil
arbeida, skal heller ikke »de; veit du
ikkje det? Hup! soh!« — Gamparne
vreid seg seint og syrgjeleg fram i Selen
att, stritr.d og stertad og kom endeleg
i Veg, magtlause og arme som dei gjekk
der og slong i den tidlege Vaareii. Og
Ole Johannes skjeivlad avstad etter
Plogen og tenkte med seg: »Jamen er der
Hovud paa Guten; han er mest for god
til aa vera Bonde«. —

Men Daniel stod etter motfallen og

skugra, se med forskende, mistænksomme
1 ¡lik. — ille i Lag, ilcle tilmode. — snugga
seg, skubbe sig. — stota, stamme. —strita,
slide og slæbe. — ster ta, slæbe.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:16:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ndrolfsen/0640.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free