- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
5

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Heime hjaa foreldri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

og Robinson vart sterkt teken. Han sette
seg fyre at han ikkje lenger vilde tenkja paa
aa røma burt; han vilde vera heime og
arbeida idigt og freista aa vera til gleda og
hugnad for foreldri sine so godt han kunde.
Men det varde kje lenge fyrr han hadde
gløymt det att og tok til aa lengta ut. Han
vaaga nok ikkje aa segja noko med far sin
enno; men han bad og tigga paa mor si at
ho skulde hjelpa han; ho skulde faa faren
til aa gjeva etter og lata han faa gjera berre
ei einaste sjøferd; han vilde daa arbeida so
mykje meir trottigt naar han kom att, sa
han. Men mori skyna og godt kvifor han
traadde so ut. Ho vilde difor ikkje telja ført
hjaa faren. Ho bad berre at han maatte
sjaa aa læra noko til gagns; fyrr han det
hadde gjort, turvte han ikkje gjera seg nokor
von um aa faa fara til sjøs.

Ei tid etter gjorde Robinson ei ferd til
Hull. Der saag han ei mengd med skip paa
hamni. Daa vart han reint ør av utferdshug.
Han raaka ein kjenning som nettupp skulde
til London med eit skip som høyrde far hans
til, og han bad Robinson vera med. Det
skulde ingen ting kosta, sa han, og det var
ingen faare aa ottast paa ei slik liti ferd;
det var berre moro. Um ein times tid skulde
skipet alt letta anker.

Robinson kunde ikkje staa imot denne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free