- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
7

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Ferdi til London

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

7
det klaarna upp, og sjøen laag der still og
fin i solskinet um kvelden. Og likso fint
ver var det daa soli kom upp næste morgonen.
Robinson hadde sove godt um natti og kjende
seg no heilt sterk.
Koss stend det til med deg etter stor
men?" sa kjenningen hans, daa dei raakast
uppaa dekket. flDu var vel rædd igaarkveid,
daa det bles slik ein liten hattfull med vind?’-
„ Kallar du det hattfull? — slik ein fæl
storm," sa Robinson.
Daa lo den andre. Naar me hev eit
godt farty og er i open sjø, so bryr me oss
ikkje ein grand um éi vindgust som denne,’
let han. Du er ein landkrabbe enno, men
du vert nok snart van’ med havet. Kom no,
so skal me laga oss ein bolle med punch
og véra glade " — Det gjekk daa med Robin
son som det jamt gjeng med den som kjem
i laakt lag. Han var med og drakk seg full
og song og sulla og tenkte korkje paa stormen
lenger eller paa det han hadde lova daa
stormen stod paa.
So gjekk det dag etter dag og hende
ikkje noko vidare. Av og til vikle nok
•tankarne fram att hjaa Robinson; men daa
var han berre med og drakk og sulla att og
døyvde del ned, til han sistpaa var heilt roleg
og likesæl.
Den sette dagen etter dei tok av stad,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free