- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
14

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III. Robinson fér til Guinea

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14
og. Skipperen lærde han upp i mangt og mykje
som alle sjøfolk maa kunna. Han var ein
dugande lærar, og Robinson var lærviljug
og hadde eit godt næme. Ferdi vart soleis
som ein god skule for han.
— Daa det hadde gjenge so godt fyrste
gongen, sette Robinson seg straks fyre at han
vilde gjera endaa ei ferd til Guinea. Han
kaupte handelsvarer for tridjeparten av dei
pengarne han hadde lagt seg upp, og tok so
i vegen att med same skipet som sist. Skip
peren som hadde hjelpt han so godt i veg
fyrste gongen, var no død, og han som hadde
vore styrmann sist, førde no skipet. Det
gjekk rett godt i fyrste laget denne gongen
og. Men daa dei var komne ned til dei
kanariske øyarne, vende lukka seg braadt.
Ein morgon tidleg møtte dei eit maurisk
sjørøvarskip, eller korsar som dei kalla slike
skip. Det sette alle segl til og tok til aa.
hala etter og vilde taka dei. Paa det skipet
som Robinson var fekk dei og upp alle deL
segl som mastrerne kunde bera. Men røvar
skipet siglde betre og kom nærare og nærare.
Mest heile dagen varde dette kapplaupet.
Fram imot klokka tri um ettermiddagen var
korsaren berre ei skotlengd ifraa dei. Daa
skyna dei at dei slapp ikkje undan og gjorde
seg ferdige til strid so godt dei kunde. Dei
hadde 12 kanonor, og røvaren hadde IS.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free