- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
31

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI. Ei uheppi ferd

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

øvarne. Desse øyarne var den gongen lite
kjende av folk fraa Europa, og der budde
kanibalar eller manne-etarar.

So ropa utkiksmannen ein morgon at
han saag land. Alle sprang upp paa dekket.
I same stundi strauk skipet yver ein
sandbank i havet. Nokre minuttar etter stod det
fast i sanden, og sjøarne skylde yver det, so
det var uraad aa vera uppe; alle mann maatte
berga seg ned under dekket so godt dei kunde.

Det var ikkje stor voni for dei arme
sjømennerne der dei no sat. Dei venta ikkje
anna ann at siste stundi deira var komi.
Sjøarne slo yver skipet, so det knaka og knast
i det, og romet tok til aa fyllast med vatn.
Ein maatte tru at kvar ny sjø vilde slaa
skipet i stykke.

Daa var det endeleg som stormen for til
aa leggja seg. Men skipet stod no so fast
i sanden at det var ikkje tanke um aa faa
det laust att. Dei maatte freista aa koma i
land med baaten. Dei hadde havt tvo baatar;
men den største var for lenge sidan
sundslegen av sjøarne, og den dei no hadde att
var so liten at det var berre med naudi han
kunde bera dei alle. Men dei laut likevel
vaaga seg ut med han; dette var no einaste
voni dei hadde att.

Med stort stræv fekk dei baaten utpaa
og kom seg uti ’n. Sjøarne gjekk enno so
høge at dei i kvar stundi kunde kvelva den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free