- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
41

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII. Øyi og vraket

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

41
var der ei mengd, av mange slag som lian
aldri hadde sét fyrr og ikkje visste noko
namn paa.
Daa han var paa heimvegen skaut han
ein stor fugl som sat i eit tre atti utkanten
paa ein skog. Det var vel det fyrste skotet
som hadde smolle her so lenge som verdi
hadde sta’e, og det sette ein fæl støkk i fug
larne burtetter heile skogen. Dei fauk upp
og skreik og let og rømde til alle kantar.
Daa han kom ned til strandi att, stelte
han seg til ei seng paa grasmarki og sette
kistor og kassor og fjøler som ei borg rundt
ikring; for han var enno rædd for villdyr.
So takka han Gud endaa ein gong for han
hadde berga han og la seg so til aa sova.
Daa Robinson vakna um morgonen, kom
han straks til aa tenkja paa at det enno
maatte vera mange ting utpaa skipet som han
kunde ha gagn av. Og det galdt no aa skunda
seg og faa tak i det; for so snart det kom
storm og uver att, kunde heile vraket verta
slege i stykke og gaa under. Daa sjøen fjøra
frampaa dagen, sumde han ut til skipet som
sist og laga seg ein flote. Han fann denne
gongen ei heil mengd med byrsor og krut
og bly, nokre posar med spikar og ein stor
navar og ein slipestein, eit segl og ei heng
køya og nokre sengklæde og endaa nokre
ting til. Alt dette bar han ut paa floten, so
6

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free