- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
50

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII. Robinson byggjer hus

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

korkje spade eller andre reidskap til aa grava
i jord og stein med. Han maatte laga seg
ein spade av eit hardt trestykke, og dette
kosta honom arbeid i heile tri dagar.

Det hende altfor ofte elles og at han
ikkje hadde dei reidskap som han hadde bruk
for. Han var heller ikkje mykje van med
det slag arbeid som han no dreiv med, og
alle ting var han so heilt aaleine med. Det
gjekk difor fælande seint for han. Det hende
at han maatte arbeida trottugt i heile tvo
dagar paa ein einaste stolpe til gjerdet; fyrst
hogga ’n ned og hogga han til, so draga han
fram or skogen og til slutt setja han upp og
slaa han ned i marki. Han maatte soleis
arbeida i mange maanar fyrr han vart ferdig
med denne vesle festningi si og huset. Men
han vart ikkje modlaus um det gjekk seint;
han saag at det muna fraa dag til dag.
Arbeidet var gleda hans og hugnaden hans;
utan det hadde det ikkje vore til aa halda
ut her paa denne einsame øyi.

*


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free