- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
53

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX. Robinson byggjer endaa meir og tek til aa ferdast paa øyi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

53
Dau hau etterkvart hadde lenge skikk
paa alt i huset sitt, tok han til aa skifta
dagen i visse arbeidsykter og kviletider. Han
hadde alt ofte vore uti skogen med byrsa og
skote seg ein fugl eller eit dyr. No gjekk
han ut med byrsa eit bil kvar morgon.
Sidan arbeidde han med eitkvart heime til
klokka 11 og aat so til middags. Fraa klokka
12 til 2 laag han mest og sov; for det var
so heitt ute i solskinet paa den tidl av dagen
at det var mest ikkje til aa halda ut. Um
etternon arbeidde han paa nytt lag med
eitkvart, og um kvelden skreiv han paa dag
boki si.
Ein morgon han var ute paa veiding
skaut han ei villgjeit. Han var fyrst glad for
dette, men sidan trega han paa det. Gjeiti
hadde eit lite kid; det kom burt til mori og
vart som klumsa av rædsl, daa det saag at
ho laag der still og livlaus. Og daa han
tok gjeiti paa oksli og bar ho heim, fylgde
kidet med. Robinson freista aa fostra det
upp og faa det tamt. Men det vilde ingen
mat smaka. Han visste daa sistpaa ikkje
onnor raad enn aa gjera av med det, so det
skulde sleppa aa pinast.
Ein annan gong skaut han paa ei vill
gjeit og raama ho berre i eine foten. Han
fekk taka ho og batt yver saaret og bar
ho sidan heim til bustaden sin. Saaret grodde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free