- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
67

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XI. Robinson ferdast paa øyi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

67
med blom som i ein hage, og her og der stod
det fagre aldetre: høge svære kokospalmetre,
myrke orangetre og appelsin- og sitrontre og
vinbuskar.
Han tok til aa henta ned vindruvor og
andre frukter og la dei i dungar og la palme
blad yver. Daa han for heim atter um kvel
den, tok han med seg so mykje han vann
bera, og resten vilde han bera heim i sekkjer
etterkvart. Men druvorne gjekk det ille med.
Dei var so ovmogne at dei gjekk reint sund
i sekken hans. Og daa han kom utaat
skogen den andre dagen og skulde sjaa etter
dei andre druvorne han hadde henta ned, var
dei slengde ut yver marki, og mange av dei var
uppetne. Det maatte vera dyr som hadde vore
der og gjort det. Han visste daa ikkje anna
aa gjera med druvorne enn aa hengja dei
upp i tréi og lata dei turka inn til rosinor
der dei var. Men all den andre alda han
hadde funne, fekk han godt og vel heim.
Han lika seg so godt i den fagre .dalen
at han radt tok til aa tenkja paa um han
ikkje skulde flytja hit og setja upp huset sitt
her. Der var so god ei livd for allslag
uver og stormar. Men det var eitt som heldt
han ifraa; det var at han ikkje kunde sjaa
havet herifraa. Det var nok ikkje mykje von
nm at det nokon gong kom skip hit til øyi. Men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free