- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
74

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII. Robinson såar og haustar. Nye utferder.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

74
var regntider og turketider. Frametter andre
helvti av februar og heile mars og fyrste
helvti av april var det regntid. I andre helvti
av april og heile mai og juni og juli og fyrste
helvti av august var det turt og regnlaust.
Soli stod daa nord for lina. I andre helvti
av august og heile september og fyrste helvti
av oktober var det regntid att. I andre helvti
av oktober og heile november og desember
og januar og fyrste helvti av februar var det
ny turr-tid, og soli stod sud for lina. Regn
tiderne fall soleis kring jamdøgn-tidi um vaa
ren og hausten.
— Det var fint ver att, og Robinson fekk
paa nytt lag hug til aa taka ut paa ferd og
sjaa meir av øyi. So tok han byrsa paa
nakken og øks i beltet og nista i lumma og
tok i vegen. Hunden hans var med som all
tid. Han tok leidi uppetter dalen der han
hadde sett upp lauvhytta si. Derfraa for han
vestetter skogarne, og rett lenge var det ikkje
daa fyrr han saag havet paa den andre sida.
Og langt ute saag han det same landet som
han hadde set fyrr ein gong. Det var høgt
og gjekk langt vestetter og kunde ikkje vera
minder hell 50 til 60 sjømil ifraa, so mykje
han skyna. Han hadde fyrr trutt det var ei
øy, og d e t var vel det trutegaste, men det var
heller ikkje uraad at det kunde vera fast
landet i sud-Amerika. Daa maatte han berre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free