- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
80

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII. Paa tridje aaret

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

80
flokken, men det hjelpte kje stort; fuglarne
fauk berre upp i tréi rundt ikring og sat der
som dei vilde ha han til narr, og so snart
han gjekk or vegen, slo dei ned i aakren
att. Skulde dette vara lenge, so kom dei
snart til aa eta upp kvart kornet for han.
So freista han ei onnor raad. Han skaut
nokre av tjuvarne og hengde dei upp paa ein
stake uti aakren. Dette hjelpte svært. Fug
larne tok støkken og rømde burt, og sidan saag
han ikkje meir til dei paa heile denne sida
av øyi.
Sist i september var kornet skjert. Han
hadde ingen ljaa eller sigd og maatte skjera
det med ein kroksabel som han hadde fenge
med fraa skipet. Han skar av berre aksi og
bar dei heim i ei stor korg, og sat sidan og
plukka dei sund med henderne. Han fekk
tvo skjeppor ris og halvtridje skjeppa med
bygg. Dette var alt ei heil hausting, og han
takka Gud som gav alle gode gaavor.
Men koss skulde han no fara aat, naar
han skulde laga brød av kornet? Han hadde
ingi kvern til aa mala det med, ikkie trdg til
aa knoda deigen i, og ikkje bakaromn til aa
steikja brødet i, og han hadde heller ikkje
nokon gong lært aa mala eller baka. Han
fekk lita paa at han alltid fann paa ei raad
etterkvart; for han hadde god tid til aatenkja
paa det. Han vilde ikkje bruka upp noko

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free